Ost i farta
Lei av plastprat? Så ikkje kjøp meir av han, då.
Di meir plast vi brukar, di meir plast hamnar her.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Lat oss vere ærlege: Er vi bitte litt lei av alt plastmaset no? Ja då, vi veit at det er plast i havet, vi veit at det er plast i skogen og at dyra et det, heng seg fast i det og døyr. Vi må gjere noko med det.
Men må det masast om det overalt heile tida? Må det vere så mange innsamlingsaksjonar på Facebook, så mange NRK Super-aktige innslag på nyhenda, så mange strandryddedagar å ha dårleg samvit for at ein ikkje er på?
Kor lenge framover må vi bruke tid og krefter på å snakke om plastproblemet? Vel, om alle oppførte seg slik som Tine gjer for tida: lenge.
Ikkje berre berre
Tine har nemleg funne tidspunktet høveleg for å lansere individuelt plastpakka ostestavar. Den heilt vanlege Norvegia, Lettere Norvegia og Jarlsberg vart for ein månad sidan lanserte i pakningar på 6 x 20 gram. Kvar 20-gramspakning er vakuumert i plast før dei seks stavane har fått endå eit lag blank petroleum kring seg.
«Mat på farten», hevdar samvirkets marknadsavdeling, «passer perfekt i matpakka, på tur, som snacks både på jobb, skole og fritid». Vidare er dei nøye med å peike på at «Emballasjen skal kildesorteres som plast slik at den blir resirkulert».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.