JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ost i farta

Lei av plastprat? Så ikkje kjøp meir av han, då.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Di meir plast vi brukar, di meir plast hamnar her.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

3893
20180608
3893
20180608

Lat oss vere ærlege: Er vi bitte litt lei av alt plastmaset no? Ja då, vi veit at det er plast i havet, vi veit at det er plast i skogen og at dyra et det, heng seg fast i det og døyr. Vi må gjere noko med det.

Men må det masast om det overalt heile tida? Må det vere så mange innsamlingsaksjonar på Facebook, så mange NRK Super-aktige innslag på nyhenda, så mange strandryddedagar å ha dårleg samvit for at ein ikkje er på?

Kor lenge framover må vi bruke tid og krefter på å snakke om plastproblemet? Vel, om alle oppførte seg slik som Tine gjer for tida: lenge.

Ikkje berre berre

Tine har nemleg funne tidspunktet høveleg for å lansere individuelt plastpakka ostestavar. Den heilt vanlege Norvegia, Lettere Norvegia og Jarlsberg vart for ein månad sidan lanserte i pakningar på 6 x 20 gram. Kvar 20-gramspakning er vakuumert i plast før dei seks stavane har fått endå eit lag blank petroleum kring seg.

«Mat på farten», hevdar samvirkets marknadsavdeling, «passer perfekt i matpakka, på tur, som snacks både på jobb, skole og fritid». Vidare er dei nøye med å peike på at «Emballasjen skal kildesorteres som plast slik at den blir resirkulert».

Så kva er det då eg masar etter? Berre han vert resirkulert, er jo plast supereffektiv emballasje; han er lite ressurskrevjande og tek godt vare på innhaldet.

Vel, det er dette «berre», då. For er det på farten vi er flinkast til å resirkulere? Éin ting er å kaste boss på bakken, det kan vi klare å late vere. Men kor ofte kjem vi forbi ein plastresirkuleringsstasjon på vegen gjennom parken, på treningsstudioet eller trikken? Kor ofte går han ikkje i samlespannet, det som hamnar på fyllinga eller i forbrenningsomnen og ikkje i resirkuleringsmaskina? Kor mykje plass og pengar skal vi måtte bruke på å sette opp eigne plastspann overalt?

Fram for matboksen

Sjølvsagt kan vi legge plasten attende i veska og ta han med heim, der vi forhåpentlegvis har eit system for plastresirkulering. Men kan vi gjere det, kan vi like godt gjere noko enno lurare. Følg med:

Vi kjem ikkje vekk frå plast som emballasje med det fyrste. Men på same viset som vi søker oss vekk frå eingongsbestikk, bør vi søke oss vekk frå eingongsemballasje, uansett kor mykje han vert resirkulert. Særleg når alternativet er så enkelt, billeg og tilgjengeleg: Det heiter matboks – ein boks vi hentar fram frå skapet når vi treng han. Vi puttar det vi vil ha, oppi han, tek han med ut på farten, tek han med heim att, vaskar han og set han inn i skapet igjen til neste gong. Ombruk, heiter det, og det bør alltid kome før resirkulering når det er mogleg.

Kva så med haldbarheita? Om han er vakuumert eller ikkje, skal ikkje ost ligge for lenge i ein sekk eller ei veske. Då vert han sveitt, tørr eller i verste fall muggen. Det har vi ikkje råd til.

Kostnaden

Apropos råd til. Eg nemnde så vidt at ostestavane er ein del av vårlanseringa til Tine. Tine er ikkje aleine om slike lanseringar: To gongar i året, vår og haust, lanserer alle større matprodusentar nye produkt i butikkane. Mange nye produkt.

Eller er dei no så nye? Norvegia og Jarlsberg har vi jo frå før. Det er berre innpakningen som er ny. 30 prosent av «innovasjonen» i norsk daglegvare er slike relanseringar. 60 prosent av produkta er forsvunne frå butikken att innan 15 månader.

Tine køyrer heilsides avisannonsar for stavane sine. Dette betalar vi for. Vi betalar for at nokon sit og tenker ut korleis ein kan pakke inn eksisterande matvarer i endå meir plastikk. Spør du meg, ville eg mykje heller ha betalt litt meir for osten, litt meir attende til bonden, og likevel hatt pengar til overs til ein skikkeleg ombruksboks.

Kjøper eg Tine ost i stavar? Nei takk, eg står over og puttar osten i min eigen boks i staden.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På same viset som vi

søker oss vekk frå

eingongsbestikk, bør

vi søke oss vekk frå

eingongsemballasje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis