Opp i liminga
Alle som har hosta slim eller leika seg med ein limpistol, veit at limet og slimet er seige saker.
Orda lim (norr. lím) og slim (norr. slím) er båe runne av ei germansk rot som tyder ‘smørja, klina’.
Foto: Babi Hijau, via Wikimedia Commons
Denne vinteren har me lært at nokre klipper og limer i staden for å skriva masteroppgåve sjølve. Korkje saks, limstift eller limband trengst då, for i dag kan ein praktisera klipp og lim-metoden med nokre tastetrykk. Sensorane går radt på limpinnen. Skadefrygd og spotting av fuskarane kan tena som sosialt lim, men me skal helst ikkje kalla nokon slimål.
Orda lim (norr. lím) og slim (norr. slím) er båe runne av ei germansk rot som tyder ‘smørja, klina’. S-en fremst i slim er ein s-mobile, dei kallar. Det er ein lunefull s som ein støyter på når ein granskar indoeuropeiske mål. Stutt sagt går det ut på at nokre ord har fått ein s fremst, andre ikkje, endå alle orda kjem frå same rota (t.d. eng. steer og ty. Stier mot latin taurus og vårt tyr ‘okse’).
Alle som har hosta slim eller leika seg med ein limpistol, veit at limet og slimet er seige saker. Pinnar overstrokne med lim har vore nytta til å fanga fuglar, og mange insekt går i limfella. I norrønt og mange målføre har lim òg vore nytta om det kjende bindemiddelet kalk. Her finst samansetjingar som limkasta (‘kalka’) og limstein (‘kalkstein’). Engelsk lime tyder just ‘kalk’. Fruktnamna lime og lemon er noko anna.
Folk har laga lim av bein og horn, og limkokar har vore nytta nedsetjande, til liks med såpekokar. Andre limaktige ord er leir (t.d. leirbotn) og leire. (Leir som i teltleir har derimot med liggja å gjera.) Hestehoven veks ofte på leirjord og har namn som leirfivel, leirgull, leirkall og leirsol. Leirduene var opphavleg av leir. Folk har elles laga leirhytter, leirgaukar, leirfat og anna leirgods.
Den turre eller brende leira er fast, men ikkje grenselaust sterk. I Daniels bok 2,31-45 les me om kolossen eller kjempa på leirføter. Den drustelege statuen hadde kroppsdelar av gull, sylv, bronse og jarn, men føtene var dels av jarn, dels av leir. Ein stein råka føtene og knuste dei, og då gjekk heile greia sund. Dessutan veit me altfor godt at kvikleira kan vera fast den eine augneblinken og flytande den neste.
Det er ingen grunn til å lima inn lime (jf. sopelime) her, for det ordet er i ætt med lem og kjem av ei rot som tyder ‘bøya, røra’. Men lever (norr. lifr) heng truleg i hop med lim, slim og leir. Kan henda har ordet hatt tydinga ‘den feite, den oppfeita’.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.