JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Hemnen er søt

Når einkvan gjer noko vondt mot oss, kan me få brennande lyst til å ta att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2361
20240412
2361
20240412

Inst inne veit me nok at det er klokt å tola noko hefndalaust, som dei sa på norrønt: tola noko utan å hemna seg. For jamvel om det kan tykkjast rett og rimeleg å svara på vondt med vondt, er det keitt å hamna i ein hemnspiral. Og det er fort gjort: «Den eine hemnen dreg den andre etter seg.»

Hemn kjem av verbet hemna. Men skulle det ikkje då ha vore hokjønnsord og heitt hemnd, jamfør mønsteret nemnd av nemna? Jau, og i nokre mål er det slik. I norrønt finn me verbet hefna og hokjønnsordet hefnd (jf. islandsk hefnd, færøysk hevnd, svensk hämnd). I mange norske målføre er hemn hokjønnsord, og nokre stader finn me målføreforma hemd. Bakgrunnen til hankjønnsordet hemn er uklår. Det kan vera ei nylaging eller vera påverka av dansk hævn.

Kvar kjem so hemna ifrå? Dei lærde stridest, og det kan godt henda at usemjene har ført til skriftlege hemnåtak. Ein teori er at hemna (norr. hefna) kjem av eit mangslunge substantiv som gjerne vert kopla til verbet hefja (‘lyfta opp, heva’): höfn. Det har hatt tydingar som ‘iverksetjing, aksjon, tiltak’. Tanken er då at hemna opphavleg tydde ‘aksjonera, setja i verk’. Seinare kom tydinga ‘aksjonera på vegner av nokon eller mot nokon’.

Det er ikkje gjeve at dei som går rundt med hemntankar eller allereie er ute på hemntokt, nyttar orda hemn og hemna. Me har ei anna ordgruppe som tyder mykje det same: revansj(e), revansjera og vendetta. Dei to fyrste har vore ein tur innom fransk før dei kom til oss, det tredje har vore innom italiensk. Orda heng i hop med latin vindicare (‘fremja rettsleg krav; gjera krav på; verna; gripa inn mot; hemna’) og vindex (‘forsvarar; hemnar’).

Folk som er hemnfuse, hemngjerrige, hemnlystne, hemntyrste eller på andre måtar råka av hemntrong, kan hemna seg på ulike måtar. Hemnbrann og hemndrap, medrekna blodhemn, er gamle hemnakter. Hemnporno (jf. eng. revenge porn) er nyare. Då svertar ein folk, til dømes tidlegare partnarar, gjennom å spreia seksualiserte bilete eller filmar av dei på nettet utan samtykke.

Det hemner seg (straffar seg) å gå og vera full av hat og hemnlyst og pønska på hemnaksjonar heile tida. Som ordtaket seier: «Den som vil hemna all sin harm, han gjer seg usæl og arm.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis