JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Grina på nasen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20240105
2360
20240105

Folk som er vanskelege i matvegen, har fått mang ein vert til å grina. Sidan dei matvande grin åt mest alt som vert sett fram åt dei, har dei vore kalla matgrinarar. Det er lett å stilla seg attom ordtaket: «Den som grin åt graut, han er ikkje svolten.»

Men kva skal ein gjera med slikt? Om matgrinarane ikkje et, vert dei i alle fall sure og grinete.

Mange har fått høyra at dei må slutta å grina. For om det er noko som er verre enn å grina sjølv, er det å høyra på ein som går og grin. Men kva er grining for noko? Her finst det so mange svar at det er til å grina av.

Det sterke verbet grina (norr. grína) vert gjerne kopla til norrønt gína (‘gapa’), som heng i hop med gane. Framljoden gr i grina kan vera påverka av verbet gretta (‘knurra, vera tverr’, jf. gretten). Kor som er: Grunntydinga til grina var truleg ‘gapa, sprikja’. Det er den tydinga me møter i seiemåtar som «det grin mellom fjølene» (‘er utett, ope’) og «kjolen grin».

Mangt kan få oss til å gapa eller vrida på munnen og andletet i det heile. Slikt hender når me har det moro, når me har det keitt, og når me et noko surt eller noko anna som byd oss imot. I dansk vert grina og grin nytta om det å smila eller le, gjerne på ein grov eller hånleg måte. Orda har vore nytta om hånlått i norsk òg. Kva med engelsk grin (‘flira, glisa’)? Ja, sei det. Nokre meiner at både det og groan (‘stynja’) høyrer til grina-ætta.

Grina har lenge vore nytta om å fella tårer (med klagande ljod attåt), men det finst dei som meiner at det er finare og rettare å nytta gråta om slikt. Og det er greitt, ingen ord ter seg heilt likt eller tyder nett det same. Til dømes har gråta ei trongare tyding enn grina og gjev soleis lite rom for mistolking. Men grina duger visseleg. I mange målføre er grina sjølve hovudverbet for ‘fella tårer’, og det er ikkje noko å grina for!

Endå har grina noko vrangt over seg. Ja, koplinga til misnøye grin imot oss. Grinebitarar klagar, sutrar, skjeller og smeller. Ordlaget «det går so det grin» er ei sak for seg. Den opphavlege forma var nok «det går so det kvin (bm. hviner)», eller med ei vanleg søraustnorsk dialektform: «Det går so det gviner.» Det er vorte omtolka til grin(er). Ei lengre utgreiing finst i nettartikkelen «Går så det griner?» hjå Språkrådet.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis