JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Flat som ei fjøl

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20230217
2363
20230217

Flatbygdingar som har tenkt seg til fjells, lyt bu seg på motbakke og ulende: «Ein kjem ikkje på fjellet med ein flat veg.» Om ein har flate dekk og flatt batteri, kjem ein seg plent ikkje av flekken, same kor flat vegen er. I slike stunder er det freistande å ausa or seg noko som er sterkare enn «fy flate». Ja, det må gjerne vera so kvast at det kan skremma fanden på flat mark.

Flat har mykje sams med låg, som vart drøft her førre veka. Ordet låglende, til dømes, viser til ‘lågtliggjande lende som er etter måten flatt’. Når ein legg seg flat eller flatar ut på sofaen, gjer ein seg lågare (jf. liggja langflat, paddeflat). Sameleis når ein ligg flatt for nokon (‘krypa for, ovundra sterkt’). Den som leitar flatt og bratt, leitar høgt og lågt. Men om me pirkar litt i overflata, kjem skilnadene fram. Ei flat røyst er noko anna enn ei låg røyst. Og me seier at noko vert flatklemt, ikkje lågklemt.

Flat (norr. flatr) kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘breia ut, vida ut’. Nærskylde ord er flate, flot (‘flate’), flyndre, felt og flor (eig. ‘flate, golv’, jf. eng. floor). Av flat kjem òg inkjekjønnsordet flet (norr. flet ‘golv; benk langs veggene; hus, heim’). Det er same ordet som engelsk flat (‘husvære’). Det engelske substantivet har ei form som er påverka av adjektivet flat, som er lånt frå nordisk. Nokre ord liknar på flat utan å vera i ætt med det, som flot («vera på flot»), som kjem av flyta.

Dei innlånte orda plate, platå, platt og plattform er runne av same rota som flat. Det å nytta flat om skattar og anna som vert rekna ut etter ein fast prosentsats («flat skatt»), kjem frå engelsk. Me har elles ikkje lånt flata (‘lesbisk kvinne’) frå svensk. Men me har flatbankar. Folkelege vendingar for samlege mellom kvinner har ofte flat i seg. Med fare for å gjera nokon flate (‘flaue, brydde’): Døme på slike folkelege vendingar er «slå flatkuse» (Vågå, 1700-talet) og «daska flatkunt» (Rødøy, 1800-talet). Flatlusa skal helst ikkje melda seg på.

Ordet flatfyll er både velklingande og dekkjande: Då er ein so full at ein slit med å halda seg oppreist. Å eta flatbrødsoll frå flat tallerk er krevjande jamvel i edru tilstand. Særleg om ein sit framfor flatskjermen og harmast over forflatande tv-program med stor sendeflate.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis