Frå matfatet
Oppdrettslaks
Skal vi endeleg slutte å late som oppdrettslaksen er norsk?
Meir langreist enn ein skulle tru: Laksen er fin og flott, men særleg norsk er han ikkje.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Kor mykje mat produserer vi i Noreg? Den korrekte sjølvforsyningsgraden, altså den som trekker frå kor mykje fôr vi hentar frå utlandet, landar på ein stad kring 40 prosent.
Men talet omfattar ikkje fiskeriet. Verken det som går føre seg i det frie havet, eller det som går føre seg i merdar langs kysten. For sjølvforsyningsgraden definerer berre kor mykje mat som vert produsert på norsk jord – og det er det mange som irriterer seg over. Delvis med rette. Det er jo soleklart at villfanga fisk er del av sjølvforsyninga vår.
Men oppdrettsnæringa har ingenting i sjølvforsyningsgraden å gjere. Årsaka fekk vi svart på kvitt frå matforskingsinstituttet Nofima 19. april. Då kom den faglege rapporten «Utnyttelse av fôrressurser i norsk oppdrett av laks og regnbueørret i 2020». Rapporten syner at berre 8 prosent av fôret «norsk» oppdrettslaks åt det året, var norsk. 92 prosent var altså importert.
Det nye proteinet
Lat oss gå gjennom tala: I 2020 vart det produsert utrulege 1.467.655 tonn oppdrettslaks i Noreg. Nærare halvtanna million tonn, altså, der så godt som ein million tonn er eteleg vare. (Resten er avskjer.) Til denne produksjonen gjekk det med 1.976.709 – nærare to millionar – tonn fôr. Med andre ord importerte vi 3.500.000 tonn meir fôr enn vi produserte laks – eller om lag dobbelt så mykje som den etelege mengda laks vi sat att med.
Dette er ikkje noko nytt. Parallelt med at oppdrettlaksen dei siste tiåra har vorte ein stadig meir effektiv fôrutnyttar, har han vorte stadig meir avhengig av den globale fôrmarknaden. I 1990 åt oppdrettslaksen 65,4 prosent fiskemjøl; i 2020 er delen nede i 12,1 prosent. Samstundes har ei ny søyle funne vegen inn i diagrammet: Vegetabilsk protein fanst ikkje i fôret i 1990, men utgjorde i 2020 40,5 prosent – klart størst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.