JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Oppdrettslaks

Lat oss i det minste ta oss råd til å filetere luksuslaksen vår sjølv.  

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fire av fem oppdrettslaksar blir eksporterte uforedla. Er det greitt? Foto:  Terje Bendiksby / NTB Scanpix

4413
20200529
4413
20200529

Noreg eksporterte 1,2 millionar tonn oppdrettslaks i fjor, ifylgje Statistisk sentralbyrå. Skal tru kva land som kjøpte mest? Var det fiskegalne Japan, det enorme Kina, det kulinariske Frankrike eller innlandet Tyskland?

Svaret er ingen av dei: Den største importøren av norsk laks i 2019 var Polen. Ikkje fordi polakkar et så mykje laks, så klart, sjølv om den polske økonomien er i vekst, er nok luksuslaksen altfor dyr for den jamne polakk, men fordi fire av fem oppdrettslaksar forlèt Noreg uforedla.

Kvifor? Fordi Polen er med i EU og Noreg ikkje er det. Polen kan difor selje ferdigforedla laks vidare til andre EU-land utan toll, medan Noreg må betale.

Ja, det er sure pengar. Men vil det seie at vi skal gje opp? Berre akseptere at ved neste korsveg har talet på uforedla eksportlaks stige til ni av ti – og så nitten av tjue – og så bortetter? Eller skal vi stille nokre spørsmål ved det heile?

Kven taper mest?

Her er eit døme på eit slikt spørsmål: Kven er det som taper pengar på råvareeksporten? Er det eksportselskapa sjølve? Ja, dei taper nok – men dei går visst godt likevel: Lakseprisane aukar for tida, og resultatet til oppdrettsselskapet Salma var ein kvart milliard betre i fyrste kvartal i år enn på same tid i fjor.

Likevel: Det er ein grunn til at Danmark og Polen alt driv stort i vidareforedling av norsk laks, og at Litauen og Hellas kjem etter. Det er pengar å tene på å vidareforedle råstoffet.

Kan det vere lokalsamfunna kring lakseoppdretta som er dei største taparane? Dei lever i alle fall med konsekvensar som polakkar og danskar ikkje treng å uroe seg for, til dømes tapet av villaksfisket.

Minister på tokt

Førre veke fekk miljøvernminister Sveinung Rotevatn æra av å ta ein fritidslaksefiskar på fersk gjerning: Statens naturoppsyn kverrsette garn og fangst, og bota er på over 10.000 kroner.

«Problemet er at mange ikkje er klar over kor ille det står til med laksestammen», sa miljøvernministeren. Eg trur han tar feil. Eg trur folk veit det, men på den eine sida tenkjer dei at deira vesle garn ikkje er utslagsgjevande. Då bør dei nok tenke om igjen: Truleg har fleire artar vorte utrydda av mange bekkar små enn av ei stor å. Laksen veit ikkje kven som utryddar han, og vi må alle gjere vårt for å hindre det.

Nett difor er det vanskelegare å avvise den andre tanken som fritidsfiskarane gjerne gjer seg: at det er då ikkje deira feil at det står så dårleg til med den norske villaksstammen.

«Rømt oppdrettslaks, lakselus og infeksjoner knyttet til fiskeoppdrett er de største truslene mot villaks. Det gjennomføres ikke tilstrekkelige tiltak for å stabilisere eller redusere disse truslene», konkluderte Vitenskapeleg rådt for lakseforvaltning i rapporten «Status for norske laksebestander i 2019».

Det året kverrsette Statens naturoppsyn 480 ulovlege garn. Same år rømte 284.428 oppdrettslaksar, og berre 112.743 vart fanga att.

Kven er den største syndaren, og kva har alt dette med fiskesal til Polen å gjere? Laksefiske har vore ein del av livet langs kysten så lenge vi har budd her. At vi ikkje kan drive med det lenger, er eit tap. Det tapet bør det sjølvsagt helst gjerast noko med, men om det ikkje er mogleg, bør det kompenserast. Arbeidsplassar kan vere ein slik kompensasjon, om det er mogleg.

Neste spørsmål vert då: Kor høg er denne tollen? Jau, tollen på eksportert laks aukar med foredlingsgrada, frå 2 prosent på råstoff til 20 prosent på røykelaks. Opptil ein femtepart av verdien, altså, det kan det synast lett for norsk laksenæring å gøyme seg bak. Likevel syner ei større kartlegging gjord for Innovasjon Noreg i 2018 ein annan røyndom:

«Samtaler med næringsaktører viser at en fjerning av tollsatser på lakseprodukter til EU ikke vil føre til at en markant andel av videreforedlingen flyttes tilbake til Norge. Fleksibiliteten ved bearbeiding i nærhet til markedene og lavere lønnskostnader har i dag størst innvirkning på valget av lokalisering av bearbeidingen», står det i rapporten frå PricewaterhouseCoopers.

Dersom det stemmer, er det rett og slett ikkje greitt. Norsk oppdrettslaks ureinar norske fjordar, trugar norske villaksstammar og påverkar norske kystsamfunn. Lågare løner er ikkje grunn god nok til å late vere å foredle ein så stor del av han på norske hender.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Truleg har fleire artar vorte utrydda av mange bekkar små enn av ei stor å.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis