JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Oppdrettsfisk og andre omega 3-kjelder

Verda må ha mat. Skal norsk oppdrettsnæring få vere med og bidra?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fisk i fangenskap. Ei utfordring vi må leve med?

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

4073
20200306
4073
20200306

Kva skal vi ete i framtida? Kjem vi til å ha nok mat til alle – for fleire kjem vi jo til å verte? Eller, viktigare, kjem vi til å ha riktig mat til alle? Vil vi få ete oss ikkje berre mette, men sunne og friske, av eit fullverdig kosthald, når vi ein gong vert minst ni milliardar menneske på kloden?

Her har vi reelle utfordringar. Det finst næringsstoff vi kan ende med å få for lite av. Ei av dei er høgverdige omega 3-feittsyrer.

Feittgruppene

Omega 3 kan i grove trekk delast i tre variantar: Vi har ALA – alfalinolensyre, EPA – eikosapentaensyre og DHA – dokosaheksaensyre. Alle har dei det til felles at kroppen vår må ha dei, og han må få dei i seg gjennom kosten. Men vidare kan vi dele dei i to: Der ALA er ei kort feittsyre vi kan få i oss frå vegetabilske kjelder (særleg grøne planter og frø frå til dømes graskar, lin og raps), er EPA og DHA langkjeda omega 3-feittsyrer. Desse får vi stadig vekk høyre at vi må til dyreriket, eller nærare bestemt fiskeriket, for å få i oss.

Det er desse to, EPA og DHA, oppdrettsnæringa aller helst vil selje ikkje berre oss, men til heile verda: Oppdrettsfisk er den mest effektive måten å få meir EPA og DHA inn i næringskjeda på, hevdar dei. Har dei rett?

For å finne ut av det skal vi hente inn att ALA i rekneskapen. EPA og DHA er nemleg i stor grad bygde opp av ALA: ALA er byggesteinar, EPA og DHA ferdige produkt. Og sjølv om menneskekroppen kan kunsten å bygge EPA og DHA, er han frykteleg lite effektiv – særleg om vi samanliknar med laks og annan fisk, som får mange fleire EPA og DHA-bygningar ut av ein haug ALA-stein enn vi menneske får. Difor er det meir effektivt å ete oppdrettslaks.

Og det er det, kan hende. Men må vi stoppe der?

Mikroskopiske svar

Laksen må òg få feittsyrene sine frå ein stad, og stadig fleire av feittsyrene vi fôrar oppdrettslaks med, er alt EPA og DHA. Og fleire skal det verte: I eit større forskingsprosjekt har forskingsinstituttet Nofima sett på nye omega 3-kjelder i fôr til laks. Dei har sett på to kjelder: mikroalgen Scyzochytrium sp. og canolaolje, som har det til felles at dei inneheld store mengder EPA og DHA-feittsyrer. Canolaoljen må rett nok genmanipulerast. Canola er ein variant av raps, og den genmanipulerte utgåva er enno ikkje godkjend i Noreg, men det kan ho nok verte, om vi vil. Algen er det berre å hente opp av havet eller eventuelt dyrke opp i eit laboratorium.

Og då er vel problemet løyst, er det ikkje? Berre for oppdrettsnæringa å forsyne seg, og sende sunn omega 3-mat ut i verda?

Jau. Men kva med alle dei andre problema næringa skaper? Kva med leppefisken, no sist, som dei «mister» i stor skala: 24 millionar reinsefisk døydde i norske oppdrettsanlegg i 2018, ifylgje Mattilsynet. Leppefisken skulle vere ei løysing på luseproblemet, fordi å løyse det med kjemikal var mildt sagt uheldig mellom anna for rekene – og så bortetter. Å halde fisk kunstig tett saman i merdar har utfordringar, må vi vel kunne seie.

Er det utfordringar vi må leve med – utfordringar vi kjem til å løyse om vi forskar nok på dei? Kanskje, men eg kan ikkje late vere å lure: Kvifor forskar vi ikkje i staden på høgverdige, vegetabilske omega 3-kjelder vi menneske kan ete direkte? Sjølv om laksen er ein effektiv fôromdannar, er det eit tap å sende næringsmiddel gjennom han om vi kunne ete dei direkte i staden.

Eg veit ikkje om eg vil ete genmodifisert raps, men eg skal ikkje stenge døra heilt, og eg kjenner meg temmeleg trygg på at eg slår døra vidt opp for mikroalgar.

Kanskje kan heller ikkje mikroalgane løyse omega 3-utfordringa vår aleine, og kanskje er det ein del av svaret vi er nøydde å lære oss: at særs få problem har berre éi, stor, lett løysing. Dei aller fleste har mange, små, som godt kan vere vanskelege.

Eg har stor tru på at bitte små algar er ein del av ei slik løysing. Minst like stor tru som på kjempestor laks iallfall.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor forskar vi ikkje i staden på høg-
verdige, vegetabilske omega 3-kjelder vi menneske kan ete direkte?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis