Oppdrettsfisk og andre omega 3-kjelder
Verda må ha mat. Skal norsk oppdrettsnæring få vere med og bidra?
Fisk i fangenskap. Ei utfordring vi må leve med?
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Kva skal vi ete i framtida? Kjem vi til å ha nok mat til alle – for fleire kjem vi jo til å verte? Eller, viktigare, kjem vi til å ha riktig mat til alle? Vil vi få ete oss ikkje berre mette, men sunne og friske, av eit fullverdig kosthald, når vi ein gong vert minst ni milliardar menneske på kloden?
Her har vi reelle utfordringar. Det finst næringsstoff vi kan ende med å få for lite av. Ei av dei er høgverdige omega 3-feittsyrer.
Feittgruppene
Omega 3 kan i grove trekk delast i tre variantar: Vi har ALA – alfalinolensyre, EPA – eikosapentaensyre og DHA – dokosaheksaensyre. Alle har dei det til felles at kroppen vår må ha dei, og han må få dei i seg gjennom kosten. Men vidare kan vi dele dei i to: Der ALA er ei kort feittsyre vi kan få i oss frå vegetabilske kjelder (særleg grøne planter og frø frå til dømes graskar, lin og raps), er EPA og DHA langkjeda omega 3-feittsyrer. Desse får vi stadig vekk høyre at vi må til dyreriket, eller nærare bestemt fiskeriket, for å få i oss.
Det er desse to, EPA og DHA, oppdrettsnæringa aller helst vil selje ikkje berre oss, men til heile verda: Oppdrettsfisk er den mest effektive måten å få meir EPA og DHA inn i næringskjeda på, hevdar dei. Har dei rett?
For å finne ut av det skal vi hente inn att ALA i rekneskapen. EPA og DHA er nemleg i stor grad bygde opp av ALA: ALA er byggesteinar, EPA og DHA ferdige produkt. Og sjølv om menneskekroppen kan kunsten å bygge EPA og DHA, er han frykteleg lite effektiv – særleg om vi samanliknar med laks og annan fisk, som får mange fleire EPA og DHA-bygningar ut av ein haug ALA-stein enn vi menneske får. Difor er det meir effektivt å ete oppdrettslaks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.