Forsvar

Noreg er framleis nyttig for USA

Donald Trump har ikkje endra tryggings­situasjonen dramatisk for Noregs del, meiner forsvarsforskar Ståle Ulriksen.

Publisert

Sidan opprettinga av Nato i 1949 har USA vore Noregs store beskyttar. Ikkje berre gjennom avskrekkinga som atomvåpenparaplyen gjev, men òg gjennom forventinga om at amerikanske styrkar kjem oss til unnsetning om russarane invaderer. No knakar Nato i samanføyingane, og president Trump handsamar ikkje lenger europeiske land som allierte.

Men Ståle Ulriksen, forskar ved Sjøkrigsskolen, trur ikkje situasjonen er dramatisk endra for Noregs del. Hovudgrunnen er den russiske ubåtflåten ved marinebasane på Kolahalvøya, nær grensa til Finnmark. Atomvåpena på ubåtane utgjer ein svært viktig del av den russiske avskrekkinga overfor Nato.

Ubåtvakta

– Det er langt meir sannsynleg at amerikanarane misser interessa for Sentral-Europa enn for Noreg og Barentshavet. Det er ikkje Noreg i seg sjølv dei er interesserte i å forsvare, men USA er framleis bekymra over dei russiske ubåtane, seier Ulriksen.

Den norske overvakinga av denne ubåtflåten med fly og marinefartøy er svært nyttig for amerikanarane, forklarer han.

– Dette handlar om homeland defence for USA. Det set oss i ein annan situasjon enn til dømes Romania eller Ungarn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement