Olbogesnigel

Somme tider er det best å ikkje vite.

Olbogesnigelen finn ein i fjøresteinane.
Olbogesnigelen finn ein i fjøresteinane.
Publisert

Korleis står det til med nyttårslovnadene? Er dei påtenkte, vedtekne og sette i verk? Om dei på eitt eller anna vis handlar om mat, er du ikkje aleine. Mange, truleg for mange, av oss går inn i eit nytt år med skuldrene fulle av tunge lovnader om å ete mindre, sunnare, betre, og så bortetter. Kring ein av tre har nyttårslovnader. Over ein tredjedel av dei handlar om det sunne: På den eine sida skal ein trene. På den andre ete betre. Så får ein to lovnader ein slit med å halde. Kvifor ikkje i staden slå dei saman og ha som mål å ete breiare, villare og artigare?

Altså: Et noko du ikkje har ete før, og la det vere noko du finn ute i naturen – ikkje i butikken. Då er du garantert i fysisk aktivitet og får frisk luft, samstundes som det er mykje truleg at maten du finn, er sunn og at du får utfordra deg og hatt det artig samstundes.

Om du bur ved kysten, og ikkje for langt nord eller i Oslofjorden: Kvifor ikkje byrje med eit måltid olbogesnigel?

Olbogesnigelen, Patella vulgata, er vanleg langs kysten frå Lofoten til Oslofjorden. Namnet har han fått av at skalet er forma som ein bøygd olboge. Under der bur snigelen, som lever størsteparten av livet sogen fast på stein i tidevassona. Han flyttar seg sakte kring på steinane og et algar, men tek ikkje opp i seg giftstoff frå algane slik til dømes blåskjel gjer. Det er difor liten risiko i å plukke olbogesniglar, sjølv om det kan vere lurt å vere forsiktig dersom det er blåskjelvarsel i området.

Spark og plukk

Slike varsel høyrer oftast sommaren til. Eg plukka dei fyrste olbogesniglane mine langs Trondheimsfjorden i fjor vinter, om lag på desse tider. Vi var eigentleg ute for å sette garn, men hadde bomma på straumen – fangsten var laber. Då vi ikkje hadde med oss annan mat, låg det an til å verte ein skranten middag. Heilt til vi kom i land og fann fjøresteinane fulle av olbogesniglar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement