JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Olbogesnigel

Somme tider er det best å ikkje vite.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olbogesnigelen finn ein i fjøresteinane.

Foto: Wikipedia

3568
20180105
3568
20180105

Korleis står det til med nyttårslovnadene? Er dei påtenkte, vedtekne og sette i verk? Om dei på eitt eller anna vis handlar om mat, er du ikkje aleine. Mange, truleg for mange, av oss går inn i eit nytt år med skuldrene fulle av tunge lovnader om å ete mindre, sunnare, betre, og så bortetter. Kring ein av tre har nyttårslovnader. Over ein tredjedel av dei handlar om det sunne: På den eine sida skal ein trene. På den andre ete betre. Så får ein to lovnader ein slit med å halde. Kvifor ikkje i staden slå dei saman og ha som mål å ete breiare, villare og artigare?

Altså: Et noko du ikkje har ete før, og la det vere noko du finn ute i naturen – ikkje i butikken. Då er du garantert i fysisk aktivitet og får frisk luft, samstundes som det er mykje truleg at maten du finn, er sunn og at du får utfordra deg og hatt det artig samstundes.

Om du bur ved kysten, og ikkje for langt nord eller i Oslofjorden: Kvifor ikkje byrje med eit måltid olbogesnigel?

Olbogesnigelen, Patella vulgata, er vanleg langs kysten frå Lofoten til Oslofjorden. Namnet har han fått av at skalet er forma som ein bøygd olboge. Under der bur snigelen, som lever størsteparten av livet sogen fast på stein i tidevassona. Han flyttar seg sakte kring på steinane og et algar, men tek ikkje opp i seg giftstoff frå algane slik til dømes blåskjel gjer. Det er difor liten risiko i å plukke olbogesniglar, sjølv om det kan vere lurt å vere forsiktig dersom det er blåskjelvarsel i området.

Spark og plukk

Slike varsel høyrer oftast sommaren til. Eg plukka dei fyrste olbogesniglane mine langs Trondheimsfjorden i fjor vinter, om lag på desse tider. Vi var eigentleg ute for å sette garn, men hadde bomma på straumen – fangsten var laber. Då vi ikkje hadde med oss annan mat, låg det an til å verte ein skranten middag. Heilt til vi kom i land og fann fjøresteinane fulle av olbogesniglar.

Moroa byrjar alt med plukkinga. Sniglane syg seg godt fast til steinane dei sit på, men eit kontant støvelspark får dei stort sett lause. Om ein treffer på fyrste forsøk, vel å merke. I motsett tilfelle syg snigelen seg endå betre fast og er vanskeleg å få has på. Då er det kanskje like greitt å gå vidare til naboen.

Så hiv ein sniglane, med skal og alt, i ei steikepanne med godt smør, sjølvsagt gjerne over eit bål i fjæra, men ein komfyr går òg fint. Sniglane losnar då frå skalet, som kan fjernast, før ein held fram å steike sniglane nokre minutt og serverer gjerne dei med pasta, persille og pepar, eller kva ein no skulle ha for handa.

ikkje så seigt

Konsistensen er todelt: Hovudet og kroppen til snigelen er melen, medan den nedste delen av snigelen er sjølve sugemuskelen som har tyggemotstand. Men ikkje meir enn at eg knappast tenkte over at det var seigt. Eg var meir nøgd med det totale fråværet av slim.

Hadde eg googla olbogesnigelen før eg gjekk ut, hadde eg kanskje tenkt annleis. Eit av dei fyrste klippa som kjem opp der, er nemleg havforskar Torjan Bodvin som seier til NRK at olbogesnigel ikkje eignar seg direkte til mat: «Kjøttet er seigt som gummi, og kunne vært brukt til å lade en kanon og skyte gjennom et panserskip med.» Bodvin tilrår i staden å male opp snigelen og bruke han som smaksforsterkar i supper og sausar.

Mi erfaring er altså annleis enn Bodvins. Hadde eg lese kva han sa, hadde eg no ikkje tenkt på olbogesnigelen som mat. No er eg glad eg ikkje visste, for snigelen er ein av mine favorittar innan kategorien sjølvhausta middag. Kven av oss har rett? Har nokon?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Moroa byrjar alt

med plukkinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis