¿ Økologisk jordbruk

Omvegen kan vere like viktig som målet – også på jordet.

Det er ikkje lett å sjå om desse haustgrønsakene er økologiske eller ikkje, men det kan vere viktig.
Det er ikkje lett å sjå om desse haustgrønsakene er økologiske eller ikkje, men det kan vere viktig. Det er ikkje lett å sjå om desse haustgrønsakene er økologiske eller ikkje, men det kan vere viktig.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Lat oss byrje med eit overblikk. Denne spalta handlar om matproduksjon – ho skal forklare korleis mat vert produsert, og om det fins lurare og mindre lure måtar å gjere det på, for helsa, økonomien, matgleda og ikkje minst planeten vår. Ei av dei tydelegaste skiljelinjene i produksjon av mat på land, det vil seie jordbruk, går mellom det konvensjonelle og det økologiske.

Eg som skriv denne spalta, er utdanna økologisk agronom. Likevel er det to og eit halvt år sidan sist spalta handla om denne produksjonsforma, eller om skilnader på økologisk og konvensjonell matproduksjon.

Kvifor vart det slik? Eg er ikkje aleine. Det er mange som snakkar mindre om omlegging til – og fordelar og ulemper ved – økologisk landbruk no, enn det var for sju–åtte år sidan. I 2016 fjerna regjeringa målet om at 15 prosent av norsk jordbruk skulle vere økologisk ein gong i framtida. Det viser att i statistikkane: Det var mindre sertifisert drive økologisk areal i 2019 enn året før – 4,2 mot 5,5 prosent av det totale norske jordbruksarealet, for å vere nøyaktig.

Kanskje inneheld den siste setninga eit lite, men relevant forklaringsord: sertifisert. For å få kalle deg og produkta dine økologiske må du oppfylle krava i Debio-regelverket, som er eit firkanta sett med reglar som langt frå alltid stemmer overeins med kva som er mest berekraftig på nett din gard: Å drive økologisk skal jo til sjuande og sist handle om å produsere mest mogleg – men på premissa som kjem frå naturen. Du skal byggje lokale krinsløp. Då kan det høve dårleg å bruke 40 prosent importert kraftfôr, same om kraftfôret er produsert utan sprøytemiddel og kunstgjødsel.

Ikkje godt nok

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement