Nytt år, ny mat
Eg tenker vi går for meir, ikkje mindre, i 2020.
Det finst ei verd av smakar der ute. Kor mange vågar du?
Foto: Ajit Solanki / AP / NTB scanpix
Sånn. Då var vi der att, på den tida av året, meiner eg, den tida då vi skal halde att, avgrense, seie nei, ja, rett og slett velje vekk både det eine og det andre av flytande så vel som etande drikke- og matvarer. For det er tida for ikkje berre eitt, men ei lang rekke blanke ark og fargestiftar, og å ete sunnare og gå ned i vekt er nok i toppen på lista over dei vanlegaste nyttårsforsetta i år som i fjor som i forfjor som i førre tusenår.
Og jau då, det kan godt vere forbetringspotensial i kva som vert putta i kjeften på både den eine og den andre. Men å endre på det, må det handle om å avstå? Kva om det i staden handla om å prøve noko nytt? Kanskje til og med noko vi trudde vi ikkje likte?
Smaken står ikkje fast
For det er i alle fall sant at dei aller fleste av oss held matinntaket innanfor ein pitte liten del av alt som finst der ute: Det finst minst 50.000 etelege vekstar i verda, men berre tre av dei – ris, mais og kveite – står for 60 prosent av kaloriinntaket vårt. Gjennomsnittsnordmannen lagar berre ti ulike middagsrettar i løpet eitt år.
Kvifor er det slik? Vi kan iallfall ikkje skulde på smakssansen. Sjølv om det er heilt riktig at vi ikkje alle likar det same, er det like sant at smak og usmak er noko som forandrar seg med tid, erfaring og ikkje minst: Vi har smaksreseptorar på tunga som reint kjemisk skil mellom søtt, salt, bittert, surt og umami. Så har vi ein nase som luktar mange gongar fleire ulike lukter, og ein kjenselsans som oppfattar og dømmer konsistensar. Men smak er jo så mykje meir: ikkje berre auge som dømmer smaken av kvitvin med raud konditorfarge til raudvin sjølv hos den røyndaste vinsmakar, men eit heilt hovud med erfaringar, historier, førebilete og skamfulle opplevingar.
Ser vi nærare på kvifor vi likar det vi likar, og ikkje likar det vi ikkje likar, er det særleg det assosiative potensialet til hjernen vår som kjem til syne. Éin ting er gode minne om blåbærsuppe og pannekaker ved mormors kjøkkenbord, vi skjønar lett at det kan sette spor. Men sjølv smaken av hot dog i munnen då du tryna på sekstimeteren på syttande mai i andre klasse, kan vere med å påverke synet ditt på pølser langt inn i vaksenlivet. Kva foreldra dine åt og ikkje åt, er viktig, både sosialt og fysisk, og kanskje heilt attende til livet før anna mat enn mjølk. I det minste finst det forsking som seier at born som får morsmjølk, er meir opne for nye smakar enn born som får erstatning – rett og slett fordi morsmjølka varierer meir i smak enn erstatningspulveret gjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.