Nypotet

Meir enn berre vatn og stivelse.

Stort ferskare vert ikkje nypoteta, og sesongen er no.
Stort ferskare vert ikkje nypoteta, og sesongen er no.
Publisert

Det er eitt år sidan sist, og vi er gjerne ikkje heilt budde, for er verkeleg sommaren komen så langt allereie? Plutseleg er dei her. Dei fyrste går til kongen, for så spesielt er det, men dei neste kjem i butikkane og er å få kjøpt: ja, det kunne vore jordbær, men i dag snakkar vi om potet.

Nypotet. Den fyrste nypoteta. Er ho verd ventinga?

Fort og gale

For er ikkje tidlegpotetene eigentleg temmeleg vasne? Kanskje til og med lite grann smaklause og lause i konsistensen? Lat oss gå vitskapleg til verks: Matvaretabellen, som er utarbeidd av Mattilsynet og Avdeling for ernæringsvitskap, syner næringsinnhald i brorparten av dei tilgjengelege matvarene i Noreg. Han er digitalt tilgjengeleg på matvaretabellen.no, og her finn eg det svart på kvitt: Der det i ei norsk, rå lagringspotet er 76 gram vatn per 100 gram, er det i tidlegpoteta 80 gram vatn.

5 prosent meir, altså. Det er jo ikkje veldig mykje, men likevel litt. Kaloriinnhaldet er òg ein god del lågare: 54 mot 80 kaloriar per hundre gram rå potet.

Om vi tenkjer oss om, er dette temmeleg logisk: Ei tidlegpotet kjem ikkje tidlegare i jorda enn ei lagringspotet. Ho kjem berre tidlegare opp att. Men ho er ikkje – i det minste ikkje med dei nye sortane som har kome dei siste åra – særleg mykje mindre. Altså må ho vekse fortare. Altså veks ho på det som er lettast å vekse på: vassinnhald, luft. Tidlegpoteta inneheld meir sukker (mono- og disakkarid), mindre stivelse og kostfiber. Her er mindre B-vitamin, kalsium, folat og kalium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement