JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Nyhenda kjem igjen

I februar kjem det mange produktnyhende i matvare­butikkane, ifylgje Tine. Men kor nye er dei?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kor mange syltetøytypar trengst for å skape mangfald?

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4090
20200221
4090
20200221

«Februar er rett rundt hjørnet og det betyr mange produktnyheter i norske matvarebutikker», skreiv Tine på heimesida si 30. januar. Stolt presenterer dei sine eigne varer, og det har dei jo grunn til – mykje jobb ligg nok bak både utvikling og ikkje minst innsal av dei nye yoghurtane, den nye mjølka og dei nye smelteostane vi no kan velje mellom når vi skal handle daglegvarer.

Likevel er det grunn til å spørje: Kor nye er dei eigentleg? Kor mykje av nyhenda vi fleire gonger i året får presentert i kampanjar og butikkhyller, har noko reelt nytt ved seg, noko nyvinnande, noko som verkeleg aukar mangfaldet i butikkane, og kor mange er kverning av gamle sigrar?

Slike omkverningar kjenner vi alt frå til dømes filmbransjen: I staden for å lage ein ny superhelt publikum kan elske, men som òg kan floppe heilt, lèt filmskaparane to gamle superheltar med kvar sin trufaste fanklubb møtast, til dømes. Enkle pengar – og sjølvsagt kan det verte ein god film. Men nyskapande er han ikkje.

I daglegvarebransjen har slikt eit namn: Når pizzafabrikken på Stranda lanserer Grandiosa med ein ny topping eller ny tjukkleik på botnen, Nugatti kjem med ny mengd luft piska inn eller Stratos kjem i ny storleik, snakkar vi ikkje om eit nytt produkt, men ei relansering av eit eksisterande i ein ny variant. Truleg er kring ein tredjedel av alle dei nye daglegvareprodukta på marknaden slike relanseringar.

Kor mange av produkta på februarlista til Tine hamnar i denne kategorien? Det er freistande å seie alle.

Ny eller gamal smak

Biola med ny smak (tropisk), yoghurt med ny smak (bringebær og granateple – har eg ikkje sett det før ein gong?), sukkerfri iskaffi med ny smak (og søtstoff). Klassiske døme på relanseringar. Den såkalla barneyoghurten har ikkje fått nytt innhald, men derimot nytt namn – frå Sprett til Junioryoghurt, frå piggsvin og ekorn til kanin.

Men kva med smelteosten? Tine har aldri laga smelteost før, så den må då vere verkeleg ny? Jau, at Norvegia vert smelteost, er nytt. Truleg er det ein god metode for å bruke opp ost som ikkje har salskvalitet, men likevel kan brukast. Likevel: Smelteosten finst i to smakar, skinke og bacon. Akkurat dei same smakane hovudkonkurrenten Kavli er mest kjend for. Kvifor ikkje finne på noko nytt i staden?

Nei, skal det vere noko nytt frå Tine i vår, må det truleg vere den krema yoghurten: Ein naturell yoghurt med ein annan konsistens gjev andre bruksområde og smak. Her har Tine brukt råvara, mjølka, som utgangspunkt for å skape noko som ikkje finst frå før. Bra.

Tine er langt frå aleine om relanseringar. Eit anna – og kanskje hakket grellare døme – er det nye samarbeidet mellom Mondelez (verdskonsernet bakom Freia) og Hennig-Olsen: Ikkje nok med at vi frå før kunne få mjølkesjokolade i hjarteform, med Oreo-bitar, som bitar i kjeks, som iskremtopping og i kremosten Philadelphia, no kan vi òg få han som pinneis, pinneis i tetrapack og boksis. Ein 14–15 variantar av mjølkesjokoladen seier kanskje noko om kor trauste vi forbrukarar kan vere i val av matvarer, men nyhende er det ikkje.

Sjå til Sogn

Er det då noko som er nyskapande? «Viss me ikkje tek sjansar, har me kanskje ikkje ein sjanse likevel», sa Lerum-direktør Trine Lerum Hjellhaug til Sogn avis førre veke – og klinkar til med det nye pålegget Smudi. At det er som smoothie, berre til å smørje på skiva, høyrest kanskje ikkje så kreativt ut, men det er det fyrste produktet fabrikken lagar som verken inneheld sukker eller søtstoff. All søtsmaken kjem frå frukt og bær, og ingredienslista er full av frukt, bær og juice. Dette er spanande, og noko vi må våge å prøve.

For kven har skulda for den slappe innovasjonstakta? Produsentane kjem til å skulde på kjedene, som kjem til å skulde på oss forbrukarar. Dei om det, men vi kan i det minste gjere det vi kan for å syne at vi ikkje er redde for noko nytt. Det kan vi til dømes gjere gjennom å ta Lerum Smudi med heim neste gong vi treng meir syltetøy.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor ikkje finne på noko nytt i staden?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis