Norsk potet
Er det éin ting som gjer meg til hamstrar, så er det skikkelege poteter i vårknipa.
I sentrum på alle bord: Vi et ikkje like mykje potet som før, men ho er framleis viktig i norsk kosthald.
Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix
I 2019 produserte vi i Noreg 332.200 tonn poteter. Fordelt på Noregs 5,3 millionar innbyggjarar vert det drygt 62 kilo per person. Deler vi det vidare, får vi 170 gram per person per dag. Burde ikkje det vere nok?
Jau, forbruket av poteter per person er langt lågare: ein stad mellom 17 og 20 kilo får kvar av oss i snitt i oss i løpet av eit år. Og ikkje berre det, inntaket er halvert berre sidan tusenårsskiftet.
Altså produserer vi meir poteter enn vi et. Likevel er ein stad mellom kvar andre og kvar tredje potet vi får i oss, importert. Heng det saman, då?
Midt i importtida
Vi står midt oppi det no. Midt i høgsesongen med alle dei importerte nypotetene. Poteter vert jo hausta berre éin gong i året, og for lagringspotetene sin del er det på hausten. Berre dei er solide nok til å klare å ligge på lager vinteren gjennom.
Ja, for dei skal vere i stand til det: Det er rett og slett slik vi har klart oss i Noreg i mangfaldige år. Vi har lært oss å lagre poteter på ein måte som gjer at dei kan etast mange månader etter dei er komne opp av jorda. Metoden er ikkje rakettvitskap. Han heiter potetkjellar og er mørk, høveleg kald og høveleg fuktig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.