JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Norsk potet

Er det éin ting som gjer meg til hamstrar, så er det skikkelege poteter i vårknipa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I sentrum på alle bord: Vi et ikkje like mykje potet som før, men ho er framleis viktig i norsk kosthald.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

3858
20200605
3858
20200605

I 2019 produserte vi i Noreg 332.200 tonn poteter. Fordelt på Noregs 5,3 millionar innbyggjarar vert det drygt 62 kilo per person. Deler vi det vidare, får vi 170 gram per person per dag. Burde ikkje det vere nok?

Jau, forbruket av poteter per person er langt lågare: ein stad mellom 17 og 20 kilo får kvar av oss i snitt i oss i løpet av eit år. Og ikkje berre det, inntaket er halvert berre sidan tusenårsskiftet.

Altså produserer vi meir poteter enn vi et. Likevel er ein stad mellom kvar andre og kvar tredje potet vi får i oss, importert. Heng det saman, då?

Midt i importtida

Vi står midt oppi det no. Midt i høgsesongen med alle dei importerte nypotetene. Poteter vert jo hausta berre éin gong i året, og for lagringspotetene sin del er det på hausten. Berre dei er solide nok til å klare å ligge på lager vinteren gjennom.

Ja, for dei skal vere i stand til det: Det er rett og slett slik vi har klart oss i Noreg i mangfaldige år. Vi har lært oss å lagre poteter på ein måte som gjer at dei kan etast mange månader etter dei er komne opp av jorda. Metoden er ikkje rakettvitskap. Han heiter potetkjellar og er mørk, høveleg kald og høveleg fuktig.

Litt merke set tidas tann likevel på potetene. Skurv var nok det minste ein måtte rekne med – det er ein skjemmande, men heilt ufarleg sopp som sit i skalet og vert skrella vekk enten før eller etter at poteta er kokt. Groar kan gjere poteta mjukare og mindre spenstig enn ho ein gong var, men heller ikkje det er noko farleg. Verre er det med rotesopp – så vel tørr som blaut rote kan angripe potetene og gjere dei uetelege. Slike poteter må sorterast vekk så tidleg som mogleg, før roten får spreie seg.

Ei motsett vårknipe

Og om potetene no var litt skurvete og mjuke, åt vi dei likevel, før, for vi hadde ikkje noko val. Om valet var mellom mjuke eller ingen poteter, var det i røynda lett.

Om utgangspunktet er nærare eitt hundre prosent annleis, er det nesten så vi møtest der: Om vårknipa er ei anna, er det om lag som vi ikkje har noko val i dag heller.

Ja, for om vi ikkje vil ha vasne, langreiste nypoteter: Er det ikkje berre å velje posane med norske potet i staden? For dei finst jo: Ifylgje lagerteljinga bransjen gjennomfører og rapporterer inn til Landbruksdirektoratet kvart år i mars, var det bra med konsumpoteter på lager i år. Meir enn i fjor. Litt lite mandel- og småpoteter, men elles er det framleis gode høve til å få norske poteter.

Likevel syner potethylla no ein stor brest i forbrukarmakta: Du kan ikkje velje noko som ikkje er å få kjøpt. Og det er temmeleg langt mellom butikkar med norske potetposar for tida.

Kor langt skal ein måtte køyre om ein bur litt grisgrendt til? Sjølv er eg heldig. Eg kan velje mellom fire butikkar innan eit kvarters køyretid. Likevel har eg kome potettom heim att fleire gonger. Mange har berre éin butikk å handle i.

Og om vi no finn poteter det står «Noreg» med store bokstavar på, kan vi då kjenne oss sikre på at det er norske poteter vi har i hendene?

Nei då. Det er diverre lov å merke potetsekkane med «Pakket i Norge av Huseby Gård» med store bokstavar, og «Opprinnelse:» med mindre bokstavar, følgd av «Israel», skrive med så små bokstavar at sjølv eg som har temmeleg prikkfritt syn, slit med å lese det. Og Bama, Noregs største grønsaksgrossist, eigd av Norgesgruppen og Rema, finn det nok lettare å selje spenstige importpoteter enn litt lagringsprega norske knollar.

Så kva bør gjerast? Jau, norske potet-, frukt- og grønsaksprodusentar bør skaffe seg eit samvirke att. Ein kan seie mykje om Tine og Nortura, men dei importerer iallfall ikkje mjølk og kjøt som direkte konkurrerer med norske alternativ. At Bama gjer det, er ei skam. Ei skam som bør utfordrast snarast.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Potethylla syner no ein stor brest i forbrukarmakta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis