JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Norsk mat

Vi bør ikkje trenge lesebriller for å velje norsk på butikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk mat samlar tusenvis til festivalen Matstreif i Oslo kvar haust. Men kor lett er han å finne i butikken?

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

4113
20200522
4113
20200522

«Det er viktig å tenke gjennom hva hver og en av oss kan gjøre. Men jeg vil ikke legge meg opp i hvilken ost folk spiser», sa Erna Solberg frå talarstolen på Stortinget førre veke. Utsegna kom etter at Trygve Slagsvold Vedum i spørjetimen lurte på om ho ville oppfordre nordmenn til å handle norsk. Det ville altså ikkje statsministeren.

Ved fyrste augnekast: Det treng ho kanskje heller ikkje. For aldri før har vi kjøpt så mykje mat som no: «Da koronakrisen kom, skjøt ostesalget til himmels», skreiv Nationen 15. mai, og synte til at kvar nordmann åt 4,5 prosent meir ost i år enn i same kvartal i fjor. Og det gjeld ikkje berre ost: «Melkesalget til himmels», skriv bransjetidsskriftet Dagligvarehandelen 13. mai. Salet av norskprodusert mjølk er ein million liter høgare enn på same tid i 2019.

Truleg gjeld det same for kjøp og sal av kjøt: Stengde grenser svir for grensehandelen. På Nordby kjøpesenter har salet falle med 95 prosent. Mykje av kjøtet og flesket har vi kjøpt innanlands i staden.

I krisetider har vi altså ikkje noko val. Vi held oss heime, et mat vi har i kjøleskapet, og varer vi finn på daglegvarebutikken. Kanskje er det ikkje i krisetider vi treng ein statsminister som oppmodar oss om å handle norsk. Kanskje er det noko vi skulle ha hatt før, og kan kome til å trenge etterpå, og det frå fleire enn berre ein minister.

Landbruksminister Olaug Bollestad har dei siste månadane hardnakka hevda at vi er sjølvforsynte med husdyrprodukt i Noreg. Likevel har importen av ost auka frå kring 3200 tonn i år 2000 til over 15.000 tonn i 2018. Importen av storfekjøt har gått frå 5 til 10 prosent av forbruket i same periode, ifylgje Landbruksbarometeret til Agri Analyse.

Makt i handlekorga

Kvifor er det slik? Norsk mat er eit særs sterkt varemerke, og over halvparten av alle spurde nordmenn seier dei alltid vel norsk mat når dei kan. Men veit dei alltid kva dei kjøper? Kven har mest makt over kva vi får med oss heim i handlekorga? Er det Erna Solberg, eller er det Rema 1000, Norgesgruppen og Coop?
Kvart år lagar analysebyrået Nielsen eit daglegvarebarometer som syner kor vi kjøper daglegvarene våre. Kvart år deler dei tre konserna det aller meste av marknaden mellom seg. Norgesgruppens kjeder, Meny, Spar, Kiwi og så bortetter, tek om lag halvparten, medan Coop og Rema deler den siste halvdelen mellom seg. Bunnpris tek nokre få prosent, men dei har innkjøpssamarbeid med enten Norgesgruppen eller Rema.

Kvart år er det òg ein bitte liten kakebit som heiter øvrige. Stort sett har denne vore på 0,1 prosent. Men i Nielesen-oversynet for 2019 har han krympa: Øvrige-biten er no på 0,0 prosent.

Og dei store kjedene som styrer marknaden, gjer det i stadig større grad med eigne merkevarer. Om lag ein fjerdedel av omsetnaden i butikkane kjem frå varer som kjedene sjølve har produsert.

På tide med litt pisk

Kva dette har med import av mat å gjere? Jau, det har å gjere med kor lett det er for deg og meg å vite kor maten kjem frå.

Kjøper vi ost frå Tine eller kjøtdeig frå Gilde, er det greitt. Her er det norsk mjølk og norsk kjøt, og ferdig med det. Men i takt med at kjedene har fått eigne merkevarer, har desse rykt fram. Kjedemerkevarene kan godt vere norske, men dei treng ikkje vere det – og for å finne skilnaden må mange av oss fram med brillene. Studere og finlese.

Det skal stå på pakningen kor produktet er produsert. Men burde vi trenge å gå med fininnstilte lesebriller på butikken – eller treng produsentane bitte litt pisk?

Gulrota har vi, nemleg. Alle norskproduserte varer kan smykke seg med Nyt Norge-merket, og dette er godt kjent: Nærare 70 prosent seier dei har tillit til det. Men når importen likevel berre aukar, er det kanskje på tide med eit pålagt piskestempel? Sjølvsagt heilt nøytralt – «Dansk kjøtdeig», kunne det stå, til dømes, dersom kjøtdeigen faktisk var dansk, med begge orda i like store bokstavar. Då hadde det vore opp til deg og meg å velje, heilt fritt, slik det ser ut som styresmaktene vil at vi skal ha høve til.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norsk mat er eit særs

sterkt varemerke.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis