Frå matfatet
Nøkkelholmerking
Sunn mat er meir enn berre fråvær av det usunne.
Revisjonen av nøkkelholordninga gjer at ferdigrettar òg kan sertifiserast.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Den offisielle norske merkeordninga for sunn mat – nøkkelholordninga – er revidert. For fyrste gong sidan 2015 er regelverket, som i kvardagslivet til mange fortel kva som er sunt og ikkje sunt, vorte oppdatert og tilpassa det som faktisk finst i butikkane no. Det er temmeleg viktig – for nøkkelholet definerer kva som er sunnast innanfor ein gjeven kategori. For at eit produkt skal få nøkkelholmerking, til dømes ekstra lett mjølk, må det finnast eit anna liknande produkt som ikkje får det, til dømes heilmjølk.
Og sidan 2015 har det kome mange nye produkt i butikkhyllene våre. Mange av dei er ferdigrettar, og mange av dei er meir eller mindre vegetariske. Berre tenk deg om: Kor mange variantar av ferdige pastarettar, eller linsegryter, venta du å finne i butikken då barnet ditt var seks år yngre enn det er i dag? Korleis såg utvalet til Fjordland ut det året Parisavtalen vart vedteken? Greitt nok, vi hadde kjøtkaker og raspeballar, men var temmeleg langt unna laks teryaki, havrelunsj, suppeboksar og smoothie i skål.
Difor er det kanskje på sin plass at den store endringa i siste versjon av nøkkelholordninga er nettopp at det vert mogleg å sertifisere ferdigrettar. Men det må likevel vere lov å spørje: Er det eit framskritt?
Dei fire store
«Vi håper produsentene vil utvikle og merke flere sunnere ferdigretter med Nøkkelhullet. Det vil gjøre det enklere å ha et kosthold i tråd med helsemyndighetenes kostråd», seier Linda Grandlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, i ei pressemelding i høve revisjonen.
Ho set altså likskapsteikn mellom nøkkelholmerkte ferdigrettar og eit sunt kosthald, og her er det eg meiner vi kanskje går litt fort fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.