Nasjonalretten
Få stadar er vi nordmenn så lite oppfinnsame som i nasjonalrettkåringar.
Fårikål er kåra til Noregs nasjonalrett – igjen.
Foto: Wikimedia Commons
Før jul lét Nationen lesarane sine kåre Noregs nasjonalrett. Eller ein jury hadde valt ut ti, og så fekk lesarane velje mellom dei. På lista var bacalao, rakesild/rakaure, brennsnut/sodd, pizza, taco, lettsalta torsk, rømmegraut, svineribbe, pinnekjøt – og fårikål.
Fleire av jurymedlemmane ynskte seg eigentleg ikkje fårikål på lista – for kor ofte et vi eigentleg kokt sauekjøt med hovudkål og heil pepar? Men sidan retten har vunne slike nasjonalmatkåringar i eitt bankande køyr sidan 1972, var han rett og slett umogleg å kome unna.
Og sjølvsagt vann han. 2588 nordmenn var innom nationen.no og røysta på nett fårikålen, og det var 46,84 prosent av dei som røysta i det heile. På andre og tredje plass kom svineribba og pinnekjøtet, fyrste fiskerett var lettsalta torsk på femteplass, medan berre 120 lesarar røysta på bacalao, som dermed kapra jumboplassen.
Kåringa er problematisk på mange måtar. Sjølv Nationen har stilt spørsmål ved ho. For kva er eigentleg ein nasjonalrett? Korleis samlar ein seg kring ein rett i eit langstrekt og matspreidd land? Sjølv ville eg hevde at raspeballen har ein meir naturleg plass på lista enn fårikålen. Medan fårikål har ein dag i året, har raspeballen ein dag i veka langs store delar av kysten. Men er det då raspeballen utan flesk i midten, men med kålrabistappe og bacon og pølse og salt sauekjøt som skal kårast, eller den trønderske ballen med fleskedott, brunostsaus og kålrot kokt i skiver? Sidan det no er éin rett vi skal kåre, altså?
Og er nasjonalretten festmåltid eller kvardagskost? Mykje kan seiast om å ha pizza og taco på lista, men dei konkurrerer ved alle høve ikkje i same festkategori som ribbe og rømmegraut, måltida som prydar dei store festdagane julaftan og 17. mai.
Kaklande
Skal vi i staden sjå på kva vi faktisk et, er det uansett liten tvil om at fårikålen er feil val, om det no er kvardag eller fest. Kvar av oss nordmenn forbrukar i snitt 5,1 kilo sauekjøt i året – 0,9 kilo mindre enn i 1989. Samstundes et vi 25,8 kilo svinekjøt og 19,5 kilo fjørfekjøt. Sistnemnde forbruk har auka med 426 prosent sidan 1989.
Med andre ord er det mykje som tyder på at kylling burde vore godt representert på lista over norske nasjonalrettar. I røynda er han ikkje å finne i det heile.
Er det snobberi som ligg bak forgløyminga? Ja, truleg litt: Kyllingen er ikkje spesiell nok, fin nok, det er verken noko spesielt med den norske måten å ete kylling på eller ein enkelt tradisjon vi har tatt frå eitt enkelt land eller ein matkultur (KFC har enno ikkje slått rot i Noreg, av ein eller annan grunn).
Mest trur eg likevel kyllingen rett og slett er for tanketom. Han er noko vi fyller magen vår med, noko enkelt, men ikkje nokon nasjonalrett verdig. For ein nasjonalrett skal vekke både kjensler og tankar.
Nasjonalrett i pakke?
Japan har sushi, Spania paella, Skottland haggis og Kina pekingand. Kva ville ein god, norsk nasjonalrett vore? Spør du meg, og no har eg sjølv gjort nett det, slår eg eit slag for matpakken. Ja, rett og slett den gode, gamle skiva, den knivskorne, grove med ymse pålegg på – kanskje eit par–tre med saltmat som pølse, fisk eller ost og ei med brunost til dessert, litt ekstra fancy no etter jul når vi har både lammerull og sylteflesk å gjere kål på, stæsja opp med majones og sennep og ei rynkete, gamal agurkskive om du vil. Ho har nemleg sin sjarm, ho òg.
Få rettar vedkjem så mange nordmenn som matpakken. Vi kan skryte av han i utlandet og servere han (eller be dei servere han til seg sjølve) til turistar på DNT-hytter. Sjølve et vi han like godt på søndagsturen som på måndagsjobben. Matpakken reflekterer norsk matproduksjon, folkesjel og kvardagsliv frå høgt til lågt, rik til fattig, gamalt til ungt og inst til ytst på ein måte så vel fårikålen som fredagstacoen berre kan drøyme om. For her har Knutsen og Ludvigsen heilt feil: Veldig ofte er det veldig moro å ete mat frå pakke og ikkje frå fat. Elles ville vi, med vårt elles kontinentale matfat, ikkje gjort det.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kylling burde vore
godt representert på
lista over våre nors-
ke nasjonalrettar.
Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement