Nakkekotelettar
Bein i nasen er ikkje alltid nok. Det må nakkemusklar til.
Kven er kongen på grillen? Nakkekoteletten, så klart. Kven er kongen på grillen? Nakkekoteletten, så klart.
Foto: Maxpixel.netFoto: Maxpixel.net
Det har vore ein skikkeleg varm og god dag. Du har vore ute, i aktivitet, mora deg med fine folk, du er sliten, sveitt og svolten, og vel heime i hagen er det tid for å fyre opp grillen. Tenk deg om. Finst det då noko betre å hive over dei varme grillkola enn ein salt, feit og god svinekotelett? Fort gjort er det òg, berre nokre minutt på grillen, kanskje litt på ettervarme.
Ja, kanskje er det likevel éin ting som kan konkurrere. I så fall treng vi ikkje gå langt – berre bitte litt lenger fram på grisen, til nakken, der nakkekotelettane sit.
Kvifor er nakkekotelettar betre enn svinekotelettar? For dei er det, ikkje sant? Nakkekotelettar har rett og slett meir smak enn svinekotelettar.
Om vi tenkjer oss om, er det ikkje så rart. Kva er den mest aktive delen av grisen? Grisen er skapt for å grave i jorda. Til det brukar han trynet, eller nasen, som vi ville sagt. Det er mildt sagt imponerande kva ein gris klarar å få til om du slepper han laus i sitt rette element:
Har du prøvd å snu graslagd torv full av røter med spade, veit du at det er temmeleg tungt. Grisen snur torv berre med trynet, utan å tenkje over det eingong. For nedi der er det makk og biller og andre småkryp som grisen gjerne vil ete. Ja, han et gjerne røter òg, om han får høve. Søk på «plowing with pigs» på YouTube om du vil late deg imponere.
For å få til dette har grisar velutvikla nakkemusklar. Om det er trynet som er i jorda, hentar det styrken frå nakken. Særleg tydeleg vert det om vi ser på eit villsvin: Der domestiserte grisar er meir eller mindre trillrunde med korte bein, er villsvinet ganske langbeint, med slank kropp og kraftig nakkeparti.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.