JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Myslibar

At det ikkje ligg i godterihylla, inneber ikkje at det er sunt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nøtter og sjokolade er godt, men er det sunt?

Foto: Pixsels.com

4482
20200821
4482
20200821

Det er ikkje mogleg å unngå dei. I det minste ikkje nett no, på Spar og Meny, til dømes, der det er tikronerssal, og eit av produkta som er til sals for ti kroner, er Eldorados MellomBar – ei tilsynelatande harmlaus, lita energibombe full av korn og nøtter. Men er det noko anna inni der, skal tru?

Og kva med Rema 1000s eigen Müslibar-serie, som til forveksling liknar den til Eldorado. (Sidan Eldorado er merkevara til Norgesgruppen, får du ikkje tak i dei i same butikk.) Ein beige variant av myslibaren inneheld sjokolade, ein lyseblå kokos og ein lysegrøn nøtter.

Er dei gode val når ein er på farten og bitte litt svolten, skal tru?

Sukker av mais

For særleg meir enn bitte litt svolten kan ein ikkje vere om ein MellomBar eller Müslibar skal monne i magen. Om vi tar utgangspunkt i dei beige variantane av produkta, altså dei som inneheld sjokolade, finn vi at begge to veg 23 gram og inneheld 96 kaloriar. 23 gram er mindre enn eit halvt egg, medan kaloritalet er det same som for eit heilt egg. Men der du får i deg alle næringsstoffa du treng utanom C-vitamin, om du et eit egg, er myslibaren noko ganske anna.

Fyrste ingrediens på lista er glukose-fruktosesirup (GFS): MellomBaren inneheld meir enn 19 prosent og Müslibaren 29 prosent. GFS er på ein måte verken meir eller mindre enn sukker, sidan sukker er eit disakkarid samansett av monosakkarida glukose og fruktose. Men likevel er det noko anna: Der sukker er laga av enten sukkerroer eller sukkerbetar, byrjar GFS som mais. Likevel, altså sjølv om mais er mindre søtt enn sukkerroer, er GFS søtare enn sukker. Årsaka er ein prosess som fyrst bryt ned stivelsen i maisen til glukose. Men glukose er ikkje så søtt som fruktose – difor tilset ein eit enzym som bryt ned delar av glukosen til fruktose. Då endar ein med eit produkt som inneheld mellom 42 og 55 prosent fruktose.

Dette er altså dei same bestanddelane som i sukker, men i eit anna blandingsforhold, og ikkje minst blanda saman på ein annan måte: Der det i sukker er ei binding mellom glukose og fruktose, lever dei uavhengige liv i GFS. Fruktose har det med å legge seg rett på levra, og fri fruktose som i GFS tar endå lettare denne vegen.

Den største helseutfordringa med glukose-fruktosesirup, som kanskje er meir kjent under det engelske namnet high fructose corn syrup, er likevel at det er så enkelt å bruke – og ikkje minst billeg å produsere. Mais er nærast gratis i Amerika, og USA er landet som verkeleg har trykt GFS til sitt bryst. Altså vert sukkerhaldige produkt endå billegare enn dei alt var, og folk et altfor mykje av dei, med overvekt, diabetes og hjarte- og karsjukdommar som resultat.  

Næringstom sødme

Glukose-fruktosesirup har det til felles med sukker at det ikkje inneheld andre næringsstoff enn tomme karbohydrat. Altså burde det vere umogleg for eit produkt som inneheld ein femtedel eller meir GFS, å marknadsføre seg sjølv som sunt. Det gjer heller ikkje MellomBar og Müslibar – i det minste ikkje heilt direkte. MellomBaren seier berre at han er eit godt alternativ «Når du trenger energi».

Han om det. Eg meiner annleis. Det hadde vore éin ting dersom myslibarane stod gøymde vekk i ei hylle bak i daglegvarebutikken, ingen sa noko om dei og du aktivt måtte oppsøke dei dersom du ville lure deg sjølv til å tru at litt korn og nøtter blanda med mykje sukker er ein lur måte å få i seg energi på. Eller om dei hadde vore å finne i godterihylla, som er der dei eigentleg høyrer heime. Men no står dei midt på golvet og overalt og er umoglege å unngå. Då burde dei ha vore merkte som det dei er: Müslibar og MellomBar er godteri. Er det det du er ute etter, kjøp dei.

Er du ute etter kjapp og sunn energi i farten, men likevel med ein drope søt sjokoladesmak, er ein Nøttebar med mørk sjokolade frå Småsulten eit betre val. Her er innhaldet av sukkerartar ein tredel lågare enn i dei to andre (19 mot 30 gram per hundre gram vare), samtidig som det er sunnare saker: Der det er 3,2 gram protein i 100 gram MellomBar og 8 gram i ein Müslibar, er det til dømes 13 gram i ein Nøttebar frå produsenten Småsulten.

Heilt sunt vert sjeldan sukker og sjokolade. Men vi kan iallfall vite kva vi skal velje, om vi vil ta det sunnaste valet.

Kjøper eg Müslibar eller MellomBar når mumsetrongen tek meg? Nei takk, eg seier meg nøgd med ein Nøttebar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Særleg meir enn bitte litt svolten kan ein ikkje vere om ein MellomBar eller Müslibar skal monne i magen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis