Muskat
Trong til nøtta. Helst heile.
Eit frø i ein blome i eit skal i ei frukt på eit tre. Der har du muskatnøtta.
Enkelte spørsmål er for store til at ein kan forvente konkrete svar. «Kva er det beste du veit?» er eit slikt spørsmål. Det må snevrast inn for å vere interessant – som «Kva er det beste du veit til frukost?» eller betre «Kva er det beste du veit til frukost på hytta med kjærasten din før de skal ut å gå ein lang skitur?». For mat er jo situasjonsavhengig – smak er ikkje fyrst og fremst objektivt, men endrar seg med miljøet og sinnstemninga han vert inntatt i. Slik smakar ikkje vinen du drakk kring bålet på ei strand på Sardinia nødvendigvis det same når du opnar flaska ein vinterkald kveld du skulle ynskje du var ein annan stad.
Enkelte grunnsmakar kan det likevel vere greitt å ha identifisert. Nokre råvarer ein veit ein alltid kan vende tilbake til, som ein alltid kan skape noko eteleg ut av og som får keisam mat å smake litt betre dei dagane matlysta eigentleg ikkje står fremst i køa.
For meg er dette smør, stongselleri, koriander og muskatnøtt. Eg kan kjenne meg ørlite stressa om eg kjem inn på kjøkkenet og oppdagar at ein av desse smakane ikkje er der. Difor kjøper eg dei helst i kvanta som gjer at eg slepp å uroe meg meir enn naudsynt. For muskatnøtta sin del tyder det fyrst og fremst å halde nøttene så heile som mogleg.
Til kjernen
Muskatnøtt er eit frø på eit tre. På norsk heiter treet rett og slett muskattre, medan det på latin har fått namnet Myristica fragrans. Slektsnamnet Myristica tyder velduftande. Artsnamnet fragrans – ja, det tyder jammen velduftande, det òg. Med andre ord er det inga overrasking at vi her har å gjere med eit særs aromatisk lite frø.
Eller ... Lite? Muskatnøtta bur inne i eit skal, som igjen ligg inne i ei gul frukt på storleik med ei fersken. Når frukta er moden, opnar ho seg sjølv, og i dei tropiske regnskogområda treet veks i, vert ho gjerne brukt til syltetøy. Så vert nøtta lagt til tørk i sola med skalet på i nokre veker, kanskje til og med månader, til nøtta – frøkjernen eller kva ein no vel å kalle vedunderet – er klar til å kome ut og spreie sine velduftande aromaer over verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.