Frå matfatet

Mozzarella

Kan norsk ferskost konkurrere med osten frå utlandet?

Kvit som snø og god som gull. Litt som Vinter-Noreg, eigentleg?
Publisert

Om du er ein ivrig og trufast Dag og Tid-lesar, kan det vere du rykker litt til når du les tittelen på spalta denne veka. Det er nemleg ikkje lenge sidan sist eg skreiv om nettopp den ferske, kvite, tøyelege, mjølkesmakande osten mozzarella.

Men noko har skjedd. Noko som gjer det naudsynt å ta opp temaet igjen: Tine lanserer for aller fyrste gong norskprodusert fersk mozzarella!

Det har kravd meir enn ein fyrst kunne tru. Ifylgje Nationen har det kosta Tine 14 millionar kroner å få i gang mozzarellaproduksjonen. Meieriet på Jæren har fått ei heilt eiga produksjonslinje og seks nye arbeidsplassar. Målet er å ta opp kampen mot importert mozzarella.

Dyrt og ulogisk

Ja, for vi har vel alle sett – og mange av oss også kjøpt – dei polske, tyske og italienske mozzarellaostane som ligg i alle daglegvarehyller og gjerne vert selde gjennom ei av dei eigne merkevarene til dei ulike kjedene.

Då eg sist skreiv om temaet, samanlikna eg to variantar som vert selde på Coop: ein polsk eller tysk mozzarella merkt X-tra og ein italiensk variant merkt Coop. Coop-osten var dyrare, men hadde betre kvalitet, meinte eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement