Monarkar imellom
Kong Georg VI på treårsdagen til barnebarnet og tronarvingen Charles på Buckingham Palace 14. november 1951.
Foto: AP / NTB
Victoria var engelsk dronning frå 1837 til 1901. Engelske dronningar brukar å vare lenge. Ho lét etter seg fleire born og ei mengd barneborn. Barneborna fann vegen til andre europeiske kongehus, som det danske, det tyske og det russiske. Victoria vart kalla Europas svigermor.
På den engelske, den tyske og den russiske trona kom det tre barneborn, tre fetrar: Georg i England, Vilhelm i Tyskland og Nikolai i Russland. Desse tre hadde mykje barndom saman, på vitjing hos kvarandre. Dei vart godt kjende og nære vener.
Denne venskapen varte ved då dei vart monarkar og overtok styringa i rika sine. Dei heidra kvarandre ved å gje kvarandre heidrande militære titlar i kvarandres militærmakt. Nikolai hadde offisersgrad i ei skotsk avdeling, som Vilhelm hadde det i den engelske marinen. Dei bytte uniform med kvarandre og fotograferte byttet. Dei tre såg på kvarandre som garantar for freden i Europa.
I 1914 starta første verdskrigen, og vegane deira skildest. Statane kom i krig. I Russland var det stor politisk uro, og tsar Nikolai, den eine fetteren, kjende seg utrygg for seg og familien. Han søkte ein tryggare verestad. Han vende seg til fetter Georg i England for å høyre om han kunne kome dit og slå seg til der.
Statsminister Lloyd George vart rådspurd og meinte at det måtte kunne la seg gjere. Vegen til det trygge England vart opna for Nikolai.
I Buckingham Palace hadde dei ein rådgjevar som sette foten ned. I England vart tsaren rekna som ein omsynslaus tyrann, avskydd av dei fleste. For kongefamilien å hjelpe denne tyrannen inn i England og ta ansvar for han der, var meir enn folkemeininga ville akseptere. Folket ville vende seg mot kongehuset. Svaret vart nei.
Under revolusjonen samla dei revolusjonære tsaren og familien hans i ein kjellar i Jekatineburg og massakrerte alle saman. Den eine glade fetteren, tsar Nikolai, var borte. Den andre glade fetteren, keisar Vilhelm II i Tyskland, tapte krigen og abdiserte frå trona 9. november 1918.
Han fekk politisk asyl i Nederland, der han budde til sin død i 1941, parkert og gløymd. Draumen hans var å skape eit stort tysk imperium. Han levde lenge nok til å oppleve at Adolf Hitler prøvde seg på det same. Og han døydde tidleg nok til sleppe å sjå korleis Hitlers imperium enda.
To av dei glade fetrane gjekk ut av historia i skam og elende. Den tredje, kong Georg av England, vart sitjande på trona. Der sit ætta hans framleis, med ei godt vaksen dronning som har den eldste kronprinsen i engelsk historie sitjande på vent.
Å vere konge er eit farleg yrke. Det er gammal kunnskap. Snorres Heimskringla er full av falne kongar.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel