Moltedrops

Å jukse med villskap er ei skikkeleg bjørneteneste.

Moltejakt kan vere vått, men med fangst endar ho alltid godt.
Moltejakt kan vere vått, men med fangst endar ho alltid godt.
Publisert

Molta – dette vesle, småbeiske og samstundes søte, gullfarga bæret – er på mange måtar den verkelege prinsessa ingen kunne målbinde. Ho er Hårslå som aldri ville heim gå, og kjerringa mot straumen. Kort og godt er molta bæret ingen har klart å temje.

Molte, Rubus chamaemorus, er sånn reint biologisk ei urt i rosefamilien. Altså er ho i slekt med både bringebær, eple og mandlar. Bæret er i røynda ei frukt, nærare bestemt ei steinfrukt, nett som fersken og valnøtter. Men til skilnad frå alle desse vekstane er det enno ingen som har klart å ta molteplanta vekk frå det ville habitatet og inn i hagebruket. Mange har prøvd, men ingen har lukkast: Molte er ei av få vekstar i verda vi rett og slett ikkje klarer å dyrke. Kvifor veit vi ikkje heilt. Kanskje er planta for sær, kanskje er vekstforholda ho treng, for vanskelege å skape, mest truleg handlar det om ein kombinasjon.

Då står vi att med å plukke og hauste henne der ho står. Heldigvis er det ein ganske triveleg affære: Sjølv om det i Store norske leksikon står tørt og ukoseleg at «i Norge er planta vanlig på kalkfattig torvgrunn, sumpskog og lyngheier opp til 1400 moh», veit vi molteelskarar at dette tyder fjellet. Dette inneber fjellturar i dei vakraste sesongane: sommar og haust, alt etter høgd over havet og tal på breiddegrader.

Å plukke molter er litt som jakt. Ein må lese terrenget. Ein god molteplukkar ser på ganske god avstand kor molteplantene er, kor heia er nett passeleg open, er nett passeleg tørr og har nett passeleg helling.

Likevel vert ein fort lurt. Moltene er nemleg einkjønna. Det finst hannplanter og hoplanter, og det hjelper ingenting kor godt eit terreng er. Om ikkje begge kjønn er til stades, saman med gode pollinatorar, vert det ikkje mange bær i boksen på veg heim.

Sukkerfri og vill?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement