Frå matfatet
Mjølkebyråkrati
Ein skal gråte litt over ein politikk som ikkje spelar på lag med nokon.
Kva kostar mjølka? Det må både inngåande og utgåande avgifter og tilskot til for å få fram ei slik butikkhylle.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kor vanskeleg er landbrukspolitikk? Ikkje så ille som du trur, har eg sagt, gong på gong. Og det er jo sant, men det er berre ein del av sanninga.
Det fins ein del av norske jordbrukspolitikk som også eg aldri har våga å sette meg inn i – nettopp fordi han verkar så komplisert at eg har vore redd eg ikkje skulle forstå noko som helst. Det er den delen som handlar om prisutjamningsordninga (PU) for mjølk.
No må eg likevel til pers. For Landbruksdirektoratet har vedteke å fjerne distribusjonstilskotet for meieriprodukt, som er ein del av PU, og det fører til at Q-Meieriene og Rørosmeieriet mistar til saman 57,5 millionar kroner kvart år. Det er vilt mange pengar. Korleis kan Q og Røros klare seg når dei mister så mange kroner over natta? Dette må eg finne ut av.
Opphavet
PU er oppretta for at alle bønder skal få like mykje betalt for den mjølka dei leverer, uansett kor dei bur i landet, eller kva meieriet dei leverer til, lagar av mjølka. For mjølk kan seljast som konsummjølk eller ho kan vidareforedlast til fløyteprodukt, osteprodukt eller syrna produkt. Og desse ulike meieriprodukta har ulik lønsemd: Jamt over betaler det seg betre for eit meieri å tappe mjølk på kartong og selje ho enn å foredle ho vidare. Difor er konsummjølk avgiftslagt gjennom PU, medan smør og ost har rett til tilskot.
Ja, for til sjuande og sist er PU ei intern ordning: Nokre betaler inn og nokre får tilskot ut, og desse er stort sett dei same, for vi har fire store meieri i Noreg, dei heiter Tine, Q, Røros og Synnøve Finden, og alle desse fire både betaler inn og hentar ut pengar av prisutjamningsordninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.