Mjølk
Nærleiken er ikkje så nær som han ein gong var. Men det inneber ikkje at han er meiningslaus.
Her vert mjølka til, men kor langt må ho reise for å nå deg?
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Vi pratar mykje om å handle lokalt for tida. Om å støtte opp om lokale kjøpmenn og -kvinner, lokalbutikken og industrien – å hjelpe dei vi har kring oss gjennom koronavanskane, rett og slett. Kva inneber eigentleg det? Kven er det vi skal hjelpe? Kva vil det seie at noko er i nærleiken?
Kor mange av oss tenker til dømes på mjølk frå Tine som lokalmat? Få, vil eg tru. Likevel: Det står «Fra gårder nær deg» på mjølkekartongane deira. Kva inneber det?
Færre, men ikkje få
Det har vorte monaleg færre gardsbruk i Noreg dei siste åra – og endå færre av dei som produserer kumjølk: Der det ved tusenårsskiftet var over 20.000 mjølkeprodusentar i Noreg, bikka vi i 2019 under 8000. Likevel har mjølkemengda halde seg på det jamne. Altså har produksjonen på kvart bruk auka, og avstanden mellom bruka gjort det same: Det kan altså fort vere lenger til næraste mjølkegard enn det var for 20 år sidan.
Men det er ikkje det same som at norsk mjølkeproduksjon er gjennomsentralisert – enno. Sjølv om dei største bruka produserer halvparten av mjølka, er framleis om lag 80 prosent av mjølkebruka i Noreg definerte som små eller mellomstore, og snittbruket har enno under 30 kyr.
Mjølka på butikken kjem uansett ikkje direkte frå garden. Mjølk frå mjølketanken i fjøset er faktisk ikkje eingong definert som eit næringsmiddel. Sidan det i all hovudsak berre er tillate å omsette pasteurisert mjølk, og pasteuriseringa skjer på meieriet, er mjølk ikkje å sjå som næringsmiddel før ho vert omsett frå eit meieri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.