Minieple

Småtteriet overraskar – men må det vere så likt?

Er desse epla små eller store? Ikkje så lett å seie, er det vel, så lenge ein ikkje har noko å samanlikne med?
Er desse epla små eller store? Ikkje så lett å seie, er det vel, så lenge ein ikkje har noko å samanlikne med?
Publisert

Eg kallar det ikkje yrkesskade, men det er ikkje til å kome frå at å skrive denne spalta i seks og eit halvt år har påverka måten eg oppfører meg på når eg handlar mi daglege mjølk og knekkebrød. Ikkje berre ser eg på absolutt alt eg finn på butikken, med kritiske auge – det kan vere at eg lyser litt opp når eg finn noko skikkeleg tåpeleg noko: Der var den viktigaste delen av neste vekes jobb gjord.

Slik lyste det nok litt ekstra i auga mine då eg fann ein pappakning med fem bitte små eple på butikken førre veke: Rockit-epla er drygt fem centimeter i diameter, men er ikkje flau for å bruke store ord om seg sjølv. Pakningstekstane «Nature’s little treat», «On the go goodness» og «Award winning miniature apples» gav god fallhøgde: Her burde det vere gode høve til å vere både frekk og sarkastisk.

Vintersmak

I mine auge plar nemleg ikkje eple vere særleg gode i vårhalvåret. Vasne, søte eller mjølne – milevis unna den smaksrikdommen norske hausteple kan by på.

At norske eple skil seg frå mange utanlandske, er ikkje berre noko eg har funne på. Dei skil seg heller ikkje berre i smak: Vi kan gå til matvaretabellen, som syner at norske eple inneheld 25 prosent meir fiber og over tre gonger meir C-vitamin enn importerte eple – sånn generelt. På den andre sida er det ti prosent meir kalium i eit importert enn i eit norsk eple.

For eit eple er ikkje eit eple, heller ikkje når det gjeld næringsinnhald: Der eit grønt granny smith-eple verken gjev C-vitamin eller stivelse i det heile, er begge delar å finne i eit raudt aroma-eple.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement