Miljøgifter og mat
Kan mat som er skadeleg for noko, vere sunn for noko anna?
Fisk på bordet til forskaren. Er han sunn eller skadeleg?
Foto: Trondheim hamn / Wikipedia
Er det skadeleg å ete sunt? Ja, det er inntrykket ein sit att med etter å ha lese nyhende frå Folkehelseinstituttet førre veke: Ein stor studie av gravide og born i heile Europa syner det vi eigentleg kjende oss temmeleg sikre på: Det vi et, bidreg til kor mykje miljøgifter som finst i kroppen vår.
Og miljøgiftene gøymer seg diverre ikkje berre i bossmaten. Nei, tvert om er dei midt i sentrum av kosthaldspyramiden: Di meir fisk vi et, di meir miljøgifter får vi i oss, og di meir frukt, di meir plantevernmiddelrestar finn vegen gjennom kroppen og ut i urinen.
Studiet er ein del av det pågåande Helix-programmet, der bokstavane står for The Human Early Life Exposure. Her er det altså foster og born det vert forska på, med gravide kvinner som bieffekt. Innlemma i programmet er Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), ei av dei største helseundersøkingane i verda, der mellom andre 114.500 born deltar. Dette er grundige saker det er liten grunn å tvile på, noko som gjer resultata ekstra tunge å ta innover seg.
Eit umogleg dilemma
For kva skal vi eigentleg gjere med at det er så mange miljøgifter i villfisken? Kvinner som åt meir enn tre fiskemåltid per veke, og born som åt meir enn to, hadde meir miljøgifter i kroppen enn dei som åt færre fiskemåltid. Størst var konsentrasjonen av PCB, fluorstoffa PFAS, arsen og kvikksølv. Stoffa kan hemme så vel kognitiv som motorisk utvikling, skape problem for forplantning og er generelt ugreie å ha i kroppen i for store konsentrasjonar.
At det å ete sunn og god og nær og berekraftig hausta fisk skal vere skadeleg for kroppen vår, er så trist at det nesten ikkje er til å bere. For kva i alle dagar skal vi gjere med det? Vi kan sjølvsagt slutte å putte meir drit i havet. Men gamle synder – korleis skal vi takle dei?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.