Middagskorn

Ris eller potet. Potet eller ris. Eller pasta, då. Men er det alt vi kan ha attåt middagen vår?

Bygg kan dyrkast heilt opp til Finnmark. Kvifor ikkje byte ut poteta med byggryn av og til?
Bygg kan dyrkast heilt opp til Finnmark. Kvifor ikkje byte ut poteta med byggryn av og til?
Publisert

Det er eit paradoks at di mindre verda vert og di fleire fjerne stadar og mattradisjonar vi besøker, di likare mat et vi. For sjølv om gjennomsnittsmennesket har smakt fleire smakar no enn før, et vi stadig færre av dei i det daglege. Global handel og effektivitetsjaget industriell matproduksjon er driven av, gjev oss stadig færre matplanter å velje mellom: Frå år 1900 til 2000 avla jordbruket vekk 75 prosent av det biologiske mangfaldet det byrja med, ifylgje Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO). Tre fjerdedelar på hundre år, altså. Det er mykje.

Heldigvis var alt – altså dei hundre prosentane vi ein gong hadde – ganske stort, så den fjerdedelen vi sit att med, er mykje meir enn ingenting. Vi kan fint verte både mette, sunne og ikkje matleie på han. Men vi bør kanskje sørge for at prosenttalet ikkje blir lågare?

Sideretten seier noko

Kan det ha noko med kva vi vel å ete til middag å gjere? Ein middag er stort sett sett saman av tre delar: eitt protein (i form av enten kjøt, fisk, egg eller bønner), grønsaker og ei form for karbohydrat, som òg har til oppgåve å fylle magen. I Noreg tenker vi at potet er standard for sistnemnde. Vi et meir potet enn dei gjer i mange andre land, og dermed har vi større potetmangfald enn mange andre har. Framleis har vi stadeigne, gamle sortar som Fjellmandel, Kerrs Pink og Pimpernell.

Men vi et stadig mindre poteter. Kva et vi i staden? Prøver vi eksotiske, nye råvarer, eller et vi berre meir kveitemjøl?

Kveite utgjer i dag ein dominerande del av dietten til folk i 97 prosent av landa i verda. Det vil seie at arten dekker ein dominerande del av jordbruksarealet i verda. Vi ser fyrst og fremst på kveite som brød, men har kveite på middagsbordet oftare enn vi tenkjer over det. Pizza er kveite. Pasta er kveite. Pai er kveite, pannekaker er kveite, sausar er jamna med kveitemjøl, pølser er spedde med mjøl og fisk er panert i det. Det einaste vi ikkje gjer med kveitekorn, er å ete dei heile, som gryn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement