Middag frå Rema
Middag til familien for ein hundrelapp, seier Rema. Men stemmer det?
Klisjeen på ein ferdiglasagne. Leverer Rema betre?
Foto: pxhere.com
Kva skal vi ha til middag? Rema 1000s åtte år gamle salskampanje «middag til familien for under hundrelappen» hevdar dette er kvardagens store spørsmål, og eg skal i det minste gje dei rett i at det er eitt gjentakande spørsmål – eit som stadig dukkar opp, som ei forventning, eit håp eller kanskje av og til ei frykt hos den som får han servert, ein kreativ sjanse eller vonlaus gru hjå den som må stå for kokkeleringa.
Men Rema hevdar vidare at konseptet har «gitt det norske folk gode og varierte svar på dette spørsmålet» gjennom åtte år. At noko overlever åtte år i daglegvarebransjen, gjer det nærast per definisjon til ein suksess. Men er det sant? Lat oss sjå litt nærare på kva som skjuler seg bak merkelappen «Middag til familien under 100-lappen».
Sett – men mett?
I vår moderne verd må vi byrje med å spørre kva som er ein familie: Kor billeg eller dyr middagen er, heng jo saman med kor mange som skal verte mette for ein hundrelapp. Produktet vi skal byrje med å sjå på, spesifiserer ikkje på pakningen kor mange porsjoner det inneheld, men sidan Rema 1000 på nettsidene nyttar fire porsjonar i alle oppskriftene sine, går vi ut frå at det gjeld her òg. Produktet er ein lasagne – eller eit «lasagne-kit», altså eit sett. Det har eg jo sett før, men då var det i tørrvarehylla; dette ligg i kjøledisken. Kvifor det?
Jau, fordi her har dei tatt det eitt steg lenger: Både den kvite og den raude sausen er allereie laga. Det er berre å blande, hive i omnen og vipps, ferdig. Så kan ein spørre seg – kvifor ikkje berre blande saus og plater, slik at det berre var å sette forma i omnen? Fører ikkje alle posane stort sett berre til meir plastboss?
Ikkje heilt. At ingrediensane ikkje er blanda, gjev høve til å vere kreativ: Du kan bruke eigne ingredienser og sette ditt eige preg på lasagnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.