Merkeordna mat

Kva merkeordningar som får kome i butikken, er like viktig som kva mat som får merke seg.

Publisert

Kva merkeordningar brukar du når du handlar mat i butikken? Den medvitne forbrukaren skal vite at vi har nok av symbol som klistra på etikettane skal fortelje oss kva som er ekstra bra med akkurat det produktet. Vi har merkeordningar for mykje fiber og lite feitt, for økologisk produksjon og for god dyrevelferd. Og så har vi eit merke som heiter «Spesialitet».

I dag har 446 produkt dette merket. «Spesialitet-merket viser vei til unike smaksopplevelser», skriv eigaren – stiftinga Matmerk – på heimesida si. Spesialitet skal syne forbrukarane norsk mat og drikke «basert på de beste lokale råvarene og særegne oppskrifter». For å bruke merket må produsentane fyrst søke til Matmerk, som bestemmer om produktet svarar til dei formelle krava. Mellom anna skal ingrediensar og foredling vere norske, og smaken skal vurderast av ein jury. Blant produkta som har Spesialitet-merke, finn vi Salma-laks, Tines Chevre frå Haukeli, Prima Jærens stykningsdelar av gris og Hakkasteik frå Vossakjøt.

Det er ingen tvil om at mange flotte produkt nyttar merket, men forsvarar det eksistensen? Merkeordningar eksisterer for å gjere kommunikasjonen enklare og klarare. For at det skal fungere, er det heilt essensielt at det ikkje vert for mange av dei. Då vert vi forvirra og slitne i staden for hjelpte.

Juridisk vern er best

Stiftinga Matmerk står òg som forvaltar av dei juridiske nemningane. Dei kjenner vi best gjennom utanlandske produkt: Champagne som berre kan produserast i Champagne, Parmesan, Parma-skinke og så bortetter. Men i Noreg har vi òg produksjonsformer så særmerkte at dei gjer seg fortente til slikt ekstra juridisk vern. Enten som ei opphavs- eller verna geografisk nemning, som knyter kvalitetar og eigenskapar ved produktet til eit geografisk område, eller fordi produksjonsmåten tek vare på eit tradisjonelt særpreg.

For å verne produkta vert dei regulerte i ei forskrift. For tida er ei forskrift for setersmør og stølssmør på høyring. Går forskrifta gjennom, må Tine finne nytt namn på produktet dei kallar «Setersmør», sidan framlegget slår fast at «Setersmør/Stølssmør er smør foredlet på seter av syrnet fløte/rømme fremstilt av melk produsert av kyr på seterbeite». Tine ikkje har slike krav til produktet sitt. Det hindrar dei likevel ikkje i å kunne søke Spesialitet-merke på produktet, slik eg les produktkrava.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement