Frå matfatet

Meiningar om mat og helse

Mat er ikkje lett å balansere.

Kaffi og bollar må til i ein valkamp. Men korleis bør ein helsepolitikar uttale seg om usunn mat?
Publisert Sist oppdatert

OK. Ved fyrste augnekast kan inngangen til spalta denne veka verke noko tilfeldig: Tidlegare i sommar såg eg to ulike kvinner – med det til felles at dei er kvinner eg ser opp til – uttale seg om mat på ein open profil på Facebook. Ikkje noko unikt ved det, det ser eg heile tida. Likevel var det noko ved dei to innlegga – særleg sett opp mot kvarandre – som vart verande i meg.

Det fyrste innlegget kom frå no avtroppande stortingspolitikar for SV Kari Elisabeth Kaski. På historiefunksjonen til Facebook la ho i byrjinga av juni ut eit bilete av ein halveten sjokolade av typen Troika på ein kontorpult og teksten: «På pur F skal jeg spise denne mens jeg hører helsekomiteen debatterer sunn mat (som de gjør sykt lenge).»

Sjokoladetrong ...

Det vert ikkje offentleggjort referat frå komitémøte på Stortinget, så akkurat kva som vart sagt i den sjukt lange debatten, og kva Kaski eller andre representantar frå SV bidrog med, veit eg ikkje. Men vi kan gå ut frå at det dreia seg om det nye forbodet mot marknadsføring av usunn mat retta mot born, sidan det ser ut til å vere den einaste saka knytt til sunn mat som stod på dagsordenen den dagen Kaski publiserte historia.

At lange diskusjonar kan føre til trong til sjokolade, er verken nytt eller unikt for stortingsrepresentantar i helsekomiteen. Det er likevel noko ved kombinasjonen rolle, tekst, bilete og samanheng her som gjev høve til tolking av ein tydeleg, om ikkje spesifikt uttalt bodskap: Vi brukar for mykje tid og er for hysteriske i diskusjonar om sunn og usunn mat i samfunnet.

Er det sant? Det bringar oss i alle høve vidare til det andre innlegget – skrive av ei av dei som gjerne vert skulda for å bidra til slikt hysteri. I slutten av juni la ernæringsfysiolog Marit Kolby ut eit innlegg på Facebook idet ho var på veg på ferie i Albania. Her skriv ho mellom anna: «Jeg skal spise på lokale restauranter og utforske ny matkultur. Men styre unna transnasjonale leverandører av skadelige, spiselige produkter. Jeg skal teste lokal vin. Men heller litt tidlig enn sent. Jeg skal nyte kake og is. Men som dessert etter mettende, næringsrike måltider.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement