Matvareprisar
I dag tek vi butikkeigarar i skule.
Mat har vorte dyrare. Kven tener eigentleg på det?
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Det har vorte naudsynt med litt vaksenopplæring. Ikkje for deg, kjære lesar, men for eit par rimeleg prominente personar i norsk daglegvarebransje. Det har nemleg vorte sagt eit og anna den siste veka som berre må korrigerast.
Den fyrste som skal på skulebenken, er kommunikasjonsdirektør i Coop, Bjørn Takle Friis. Dagsrevyen hadde førre torsdag eit innslag om utviklinga i daglegvareprisane i dette koronaåret: Dei har auka 3,8 prosent, noko som er meir enn dobbelt så mykje som den generelle prisauken i samfunnet (1,6 prosent). Dette har altså skjedd samtidig som vi handlar daglegvare i norske butikkar som aldri før – truleg kring 20 prosent meir enn på same tid i fjor.
På spørsmål om kvifor prisane då likevel går såpass mykje opp, legg Friis ansvaret på valutaendringar, prisaukar frå leverandørar – og bøndene: «... og så har bøndene fått et velfortent landbruksoppgjør som også kommer til syne i form av økte priser ut til forbruker», sa kommunikasjonsdirektøren til NRK.
Jordbruksavtalen
Og det er her vi må sette av litt spalteplass til å forklare korleis landbruksoppgjøret fungerer. Oppgjeret – betre kjent som jordbruksavtalen – er ein næringsavtale mellom staten og jordbruket. Her set ein fast maksimalprisar for jordbruksvarer. Desse kallar vi målprisar, og om dei aukar, aukar òg prisen ut til forbrukarane. Men jordbruksavtalen regulerer òg alle andre inntektssjansar for jordbruket. Dette er i hovudsak midlar fordelte over statsbudsjettet – kring 13 milliardar kroner årleg. I år auka desse midlane med 350 millionar kroner. Den samla auken i målprisane er verdsett til maksimalt 310 millionar kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.