Frå matfatet

Mattrøbbel

Det er dyrt å lage mat. Så dyrt at maten somme stader manglar heilt.

I USA manglar mellom 10 og 15 prosent av matvarene ein elles finn i butikkhyllene.
I USA manglar mellom 10 og 15 prosent av matvarene ein elles finn i butikkhyllene.
Publisert

Trudde norske daglegvarekjeder verkeleg at dei skulle kome unna med å skulde på høge gjødselprisar når dei skrudde opp prisane i butikkane sine?

Då har dei kraftig undervurdert landbruksnæringa her til lands. For derfrå fekk dei passet sitt påskrive rimeleg kjapt: Om bønder landet over slit med høge straumrekningar, dyre gjødselsekker og ei generell kraftig prisstigning for tida, har dei ikkje kunna ta ut eit øre av dei kostnadene gjennom auka prisar. Tvert om har mjølkebønder fått kutt i mjølkeprisen som fylgje av at deira eige meieri, Tine, også slit med kostnadsaukane.

Denne bodskapen klarer bondenæringa heldigvis utmerkt godt å få ut. Ei stadig sterkare frykt for å verte utraderte har fått fram mange sterke, kloke bonderøyster. Ei av dei er den særs skriveføre generalsekretæren i Noregs Bonde- og Småbrukarlag, Anders Nordstrand, som skriv dette om situasjonen i dag:

«Når en politisk fastlåst inntektsside med maksimalpriser møter et kostnadsbilde som er bestemt av verdensmarkedets tilbud og etterspørsel på energi, gjødsel og korn vert det trøbbel. Og midt i dette trøbbelet står den norske bonden og matprodusenten. Uten mulighet til å unnslippe. Det som er enda mer alvorlig er at det truer vår egen evne til å forsørge oss selv med de viktigste matvarene.»

Styring eller ikkje?

På den eine sida har ein politisk styring, på den andre sida ein fri marknad. Nett no vert marknaden overkøyrd av det politiske systemet. Spørsmålet er om vi skal late systemet få halde fram med det. Når det politiske systemet tilsynelatande berre lagar trøbbel, slik dei stortingsvedtekne målprisane på mat gjer når dei ikkje held tritt med kostnadene i resten av samfunnet, skal vi då berre fjerne det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement