Mat i farten
Det er få stader det er vanskelegare – og dyrare – å vere sunn enn langs vegen.
Statsminister Erna Solberg kjøper bollar på Bolleland på Shell-stasjonen Espa Servicesenter. Seinast i mars skreiv fire statsrådar under på ein handlingsplan for eit sunnare kosthald.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dei ropar mot deg langs vegen, skilta: «Ekte håndverkerpølse – 39 kroner.» «Ostegrill med biter av Jarlsberg – kun 15 kroner.» «Påskebolle med sjokolade og vaniljekrem – tre for 29 kroner.» Og sjølvsagt: «Wiener for en tier.» Det største uromomentet då Statoil vart seld til kanadiske Couche-Tard, og stasjonane fekk namnet Circle K, var ifylgje dei sjølve om wienertilbodet skulle vare ved. Det skulle det sjølvsagt.
Der sit du, i bilen, og keiar deg. Du har sete der nokre timar, det er nokre timar att. Det monotone hovudet kan du døyve med musikk, ei lydbok eller ein podkast, men den monotone kroppen – stillesittinga – er ikkje like god å døyve. Ein får lyst til å gjere noko, eit eller anna, om det no berre er å føre ei hand opp og ned til munnen, putte noko inn, tygge på det, kjenne smaken, svelgje ned – og gjenta. Ikkje fordi ein er svolten, men fordi det er noko som skjer.
Difor et du, medan du køyrer. Sjølvsagt planlegg du det ikkje – denne gongen skal du jo stå imot. Ta med niste til eit måltidsstopp, kanskje, men ikkje gje etter for trongen til å småete.
Så hamnar du der, då. På bensinstasjonen, med ein bolle eller ei pølse. For det er det du får kasta mot deg, det er det som er billeg, raskt og enkelt. Må det vere slik?
Vil, men får ikkje til
For eigentleg vil jo absolutt alle gjere Noreg sunnare. Sjølvsagt vil dei det. Seinast i mars skreiv heile fire statsrådar under på ein uvanleg poetisk handlingsplan for sunnare kosthald: «Den handler om å gjøre det litt lettere å velge sunt. Den handler om å gjøre det vi velger, litt sunnere», skreiv dei. Og dei som sel maten, kastar seg på. Sjølvsagt vil daglegvarekjedemogulane gjere Noreg sunnare. «Vi vil selge mer av det gode, mindre av det usunne», skriv Norgesgruppen. I desember i fjor skreiv dei under ein avtale med Bernt Høie om å bidra til at nordmenn får i seg mindre salt, sukker og metta feitt. «Vi bør spise mer grønnsaker, mer fisk og sjømat, mindre salt, mindre sukker og en større andel umettet fett i forhold til mettet fett, og matbransjen har kanskje det største ansvaret av alle», skriv Reitan-eigde Rema 1000.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.