Margarin

Kven har bestemt at naturleg får vere eit positivt lada ord?

Raps som skal verte margarin.
Raps som skal verte margarin.
Publisert

Kva er den største trenden innan marknadsføring av mat for tida? Det kan sjå ut som den verste diett- og intoleransebylgja har lagt seg. Sjølv om mange framleis er laktoseintolerante og sver til ketose som slanketeknikk, fekk eg monaleg meir slikt slengt etter meg i nettannonsar og TV-reklame for eit år sidan enn eg får no.

I kva retning trenden har snudd, syner den Mills-eigde margarinmerkevara Soft Flora tydeleg i den påkosta reklamefilmkampanjen «Scener fra en rapsåker»: «Nordmenn er opptatt av å vite hva de spiser, og å spise mer plantebasert. Utfordringen er at få vet hva Soft Flora er laget av. Vi ønsker derfor å tydeliggjøre at Soft Flora er laget av helt naturlig raps dyrket i åkeren», seier medie-, reklame- og kommunikasjonsansvarleg i Mills Jenny Rut Sigurgerisdòttir til Kreativforum.no.

Naturleg – og miljøvenleg: I ein av filmane, «Jeg skal til sentrum», prøver ein bonde på ein traktor å forklare ein hipster på scooter at han skal ut og hauste raps, som er gule blomar ein lagar olje av. Filmen sluttar med at bonden seier «Det er bra for miljøet òg, det. Ingen kuer som fiser og sånn.»

Tilbake til start

OK. For n-te gong – og her får eg eigentleg lyst å bruke versalar, men eg skal halde meg i skinnet: Det er ikkje fisen til kua som produserer metan, det er rapen.

Nei, eg skal ikkje hisse meg opp. I staden skal eg ta meg tid til å gå gjennom biologien – kanskje har vi godt av ei oppfrisking, alle saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement