Makrell i tomat

Særnorsk smak er ikkje særnorsk bak pakningen.

Namnlaus boks med makrell i tomat. Skal tru kvar han har vore?
Namnlaus boks med makrell i tomat. Skal tru kvar han har vore?
Publisert

Brødskive. Ikkje berre éi, ikkje berre to, ikkje berre tre heller – for ikkje berre éin, ikkje berre to, men gjerne tre gonger om dagen et vi brød her til lands. Brødskiver til frukost, lunsj og kveldsmat er noko temmeleg særnorsk.

Og kanskje er dei endå bitte lite grann meir særnorske akkurat no, sidan det kanskje mest spesielle pålegget av dei alle til sjuande og sist høver betre på skiver som vert etne heime, enn skiver som kjem ut av ein matboks: Luktsterk makrell blanda med blaut tomatsaus gjer seg temmeleg dårleg ferdig påsmurd i ein matboks. Kanskje er det difor vi har fått makrell i tomat i så mange ulike former for innpakning dei siste åra.

Stabburet lagar no elleve ulike former for makrell i tomat (pluss ein peparmakrell). Sjølvsagt har alle det til felles at dei inneheld makrell og tomat. I alt frå små porsjonspakningar via dei tradisjonelle sprutande hermetikkboksane til dei store tubane blandar Orkla-eigde Stabburet filetert, kokt makrell med mild tomatsaus i store nok kvantum til å dekke ein million brødskiver kvar einaste dag. Men dette er ikkje det einaste boksane og tubane deler: Ingen av dei er nemleg fylte i Noreg.

Alt i 2007 flytta Stabburet produksjonen av det tradisjonsrike pålegget (makrellboksen har sett ut og smakt temmeleg likt heilt sidan 1958) frå fabrikken deira i Fredrikstad og rett over grensa til Sverige.

Den manøveren deler dei òg med den største makrellkonkurrenten: King Oscar flytta fabrikken sin frå Davanger på Askøy til Gniewino i Polen i 2008.

Nesten slutt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement