Frå bridgeverda
Makker
Ikkje eingong sveitsiske verdsstjerner greier alltid å løyne frustrasjonen over makkeren.
Foto: European Bridge League
I bridgefilosofisk samanheng blir ein stendig tvinga til å reflektere over den evige andre, han eller ho som sit der på motsett side av bordet og ser rett på deg både i dine stoltaste og mest skamfulle augneblinkar.
Nokre har kanskje ei førestilling om eit bridgepar som ein statisk storleik. Jau, då eg som tolvåring byrja karrieren min i pensjonistklubben BK Honnør, var para faste. Blakstad–Skjerve, Lande–Skille, Bordal–Svenkerud. Eg hugsar namna frå resultatlista som formular, og eg visste knapt kven som var kven i paret, for i den grad eg høyrde makkerane snakke saman, tiltala dei alltid kvarandre ved etternamn. Men i våre dagar byter folk makker oftare enn underskrivne byter tyggis, og på resultatlistene figurerer alle med både førenamn og etternamn.
Å få det til å klaffe med ein makker krev ei felles forståing av tallause ulike situasjonar som kan oppstå ved bordet, samstundes som kjemien bør vera sånn nokolunde også på det mellommenneskelege planet – det siste kan i visse tilfelle fråvikast. Likskapen med det heilage ekteskapet er slåande, og mange makkerskap går til grunne av årsaker som kan minne om dei som får ektefolk til å skilje lag.
Om ein spør ei gruppe bridgespelarar kven favorittmakkeren deira er, vil minst eit par svara med same vits: Eg sjølv! Det er ei fiffig, men uheldig haldning. Om ein berre skjønar sine eigne kompliserte tankar, vil ein neppe nå langt ved bridgebordet; ein må òg skjøna kva grunnlag makkeren har for sine val, for å kunne gjera det beste ut av ein gjeven situasjon.
«Korleis går det?» spurde eg ein gong ein eldre kar i ein pause i ei tevling. I ei slik stund er det innforstått at spørsmålet gjeld resultata – livet elles er irrelevant. «Jo,» svara gubben og klødde seg i skjegget, «det går bra med meg, men det går ikkje så bra med makkeren min.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.