Lutefisk

Vegen til julegleda treng ikkje vere lang om du berre tek sansane i bruk.

Er det ikkje utsjånaden det kjem an på, seier du? Vel, noko lutefisk er vakrare enn anna.
Er det ikkje utsjånaden det kjem an på, seier du? Vel, noko lutefisk er vakrare enn anna.
Publisert

Kor langt attende må du eigentleg gå om du vil lage din eigen lutefisk til jul? Held det å kjøpe torsken og henge han til tørk på tørkeloftet før du byrjar med resten av prosessen? Eller skal tru om vi kan sleppe unna med å kjøpe ferdig tørka torsk, tørrfisk, altså? Eller kan det vere ein må ha båt for å få det til? For skikkeleg god lutefisk byrjar med skikkeleg godt råstoff, og då bør ein vel trekke torsken opp av havet, fylgje han heile vegen, så å seie, frå vatn til bord?

Og i så fall: Kva med tilsetjingsstoffa? Lutefisk er tørrfisk som er vatna ut, luta med natriumhydroksid og vatna ut igjen. Natriumhydroksid, eller natronlut eller berre lut, kan lett lagast heime, sjølv om det er både eit tilsetjingsstoff og eit kjemikal: Det einaste du treng, er vatn og oske frå anten bjørk eller ask, og det bør jo alle gode nordmenn og -kvinner ha tilgang til no på tjukkaste midtvinteren, eller kva? Så kokar du oska i vatn, lèt henne stå og silar av luten som legg seg på toppen.

Så tek du tørrfisk som du har vatna ut nokre dagar, og legg oppi luten (gjerne blanda ut med litt vatn) i nokre dagar, til han har vorte skikkeleg giftig, og så tek du dette giftstoffet og legg det i gullande reint vatn att nokre dagar til – og vips, så har du romjulsmiddagen du ikkje visste du drøymde om. Lett som ein plett, eller?

Ja til skinn og bein

Nei då. Eg meiner ikkje at du må gjere kjøkkenet ditt om til eit kjemilaboratorium for å kunne få skikkeleg lutefisk på bordet. Det er i det heile ikkje godt å sette to strekar under kva som er den ekte, heimelaga lutefisken – ikkje minst sidan det er så få av oss som meistrar teknikken. Det er jo litt trist, i grunnen, og om du har lyst, er du difor sjølvsagt hjarteleg velkommen til å prøve.

Derimot er det greitt å slå fast at det er nok av både god og dårleg lutefisk å få kjøpt på butikken. Men kva er eigentleg kva, og korleis unngår vi at festmåltidet vert ei uappetittleg gelésuppe?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement