Frå historia

Livsfarleg vitskap

Menn som var med i syfilisforsøket i Tuskegee. Biletet er frigjeve av nasjonalarkivet i USA.
Menn som var med i syfilisforsøket i Tuskegee. Biletet er frigjeve av nasjonalarkivet i USA.
Publisert Sist oppdatert

Eksperimentet er eit ungt innslag i vitskapshistoria. I dag er det vanleg å rekne Galileo Galilei som den første store eksperimentatoren. Sidan gjekk det slag i slag.

Å prøve seg fram har nok menneska alltid gjort. I eksperimenteringa vart dette langt meir systematisert, leitinga vart meir målretta. Etter kvart kunne ein forske på alt, død og levande natur. Mennesket sjølv, sjølve forskaren, var også eit forskingsobjekt.

Men her vart det komplisert. Forsking på levande vesen kunne medføre smerte og død. For å spare menneska for dette rykte dyr, gjerne smådyr som mus og rotter, inn i laboratoria. Og det utvikla seg etter kvart eit strengt regelverk for forsking i og mot menneskekroppen.

Om eit farmasøytisk selskap har utvikla ein vaksine, må det svært omfattande og regulert testing til før vaksinen kan sleppast ut i marknaden. Å sleppe uprøvde element inn i menneskekroppen kan vere katastrofalt.

Innimellom går det gale. For nokre år sidan vart det sleppt ein vaksine ut i marknaden som påførte folk narkolepsi. Dei kunne sovne i hytt og vêr, når som helst. Og lidinga er livsvarig.

Og innimellom er det nokon som tøyer grensene i regelverket. Nyleg er eit forskingsprosjekt på endetarmskreft stoppa og pakka bort. Det hadde svært uheldige konsekvensar for mange som var med i eksperimentet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement