Frå matfatet

Limonade

Den gamle sitrondrikken lever no eit rettslaust tilvære.

Gatedrikk: Å selje limonade på gata har lange tradisjonar, men akkurat dette designet er nok temmeleg nytt.
Gatedrikk: Å selje limonade på gata har lange tradisjonar, men akkurat dette designet er nok temmeleg nytt.
Publisert Sist oppdatert

Har du høyrt om qatarmizat? Nei, kva det jødiske samfunnet i Kairo drakk på 1200-talet, er nok ikkje kvardagskunnskap i dag, men så langt attende går faktisk ideen om å blande vatn, sitrusfrukt og søtstoff til ein forfriskande drikk.

I dag kallar vi drikken for limonade, men sjølv ikkje det er noko vi har kome på i nyare tid: Ifylgje internettet kan den fyrste limonaden med det namnet daterast og stadfestast så nøyaktig som i Paris 20. august 1630. Akkurat kvifor den datoen er vald, finn eg ikkje kjelder på, så vi får kanskje ta det med ei klype sukker – utan at vi dermed treng tvile på at barokkens franskmenn var glade i drikk laga av søta sitronar.

Salet av limonade gjekk føre seg på gata – seljarane hadde drikken i ein tank på ryggen. Og i 1676 organiserte limonadeseljarane seg i foreininga Compagnie de Limonadiers.

Det som kanskje er ei nyare oppfinning, er å blande alle moglege andre frukter i limonaden og halde fram med å kalle det limonade. I norske daglegvarebutikkar inkluderer det mellom anna pasjonsfrukt, jordbær og bringebær.

Oppheva forskrift

Ei av årsakene tl dette er kanskje at limonade er ein av få fruktdrikkar som er att, som ikkje er strengt regulert. Ein fruktjuice må bestå av berre det: juice pressa av frukt eller bær og eventuelt fruktkjøt. Ein eplemost må vere eplejuice utan tilsett sukker, og ein fruktnektar er eit produkt av fruktjuice tilsett vatn og søtstoff. Men det er ikkje lenger noko i norsk lov som definerer kva ein limonade er og ikkje er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement