Lapskaus

Lapp saman eit lam til middag.

Sauer på stien inn til Musvold seter i Rondane.
Sauer på stien inn til Musvold seter i Rondane.
Publisert

Så er det snart den tida att, våren – og vårens vakraste eventyr: lamminga. Om lag to millionar lam kjem til å verte fødde dei neste to månadene kringom i Noreg. Samstundes ligg 1200 tonn kjøt av sau og lam og frys på reguleringslager. Er det overproduksjon eller er det undersal? Formuleringa er stolen frå småbrukarlagsleiar og sauebonde Merete Furuberg, som er ganske klar på kva ho meiner: «Bonden får ikke solgt et produkt som forbrukerne ikke finner i butikkhyllene.»

Produksjonen av sauekjøt har auka dei siste par åra, særleg etter at det såkalla kvalitetstilskotet for lammekjøt vart vedteke auka i jordbruksforhandlingane. Samstundes er importen stabil; han ligg på kring 1000 tonn.

Islendingane et meir

Kvar nordmann et i snitt fem kilo kjøt av sau og lam i året. Til samanlikning et kvar islending tjue kilo fårekjøt. Dei et noko meir kjøt enn vi et til saman, men monaleg mindre svin og storfe. Kva er det som gjer at såpass mykje mindre sauekjøt finn vegen til butikkhyllene, bereposane og middagsborda i Noreg? Jau, skilnaden er at vi stadig vekk et svin, storfe og kylling utan å vere klar over det. Vi et pølser, burgarar, gryter og ferdigmat med kjøt utan å tenke over kva dyr det eigentleg er vi hiv i oss. Det er sjølvsagt ikkje ein praksis denne spalta støttar, eller meiner skal overførast til fåreverda. Kjøt ligg øvst i næringspyramiden, og bør etast med varsemd og medvit. Når vi slaktar eit dyr, må vi ete alle delane av dyret, på beste måte nytte alle næringsstoff og ikkje minst innsjå at vi ikkje treng enorme mengder kjøt. Har du godt kjøt, har du eit så smaksrikt råstoff at du kan nytte det i små dosar til å bygge opp under større kalorimengder av andre råvarer, som til dømes potet.

Der er det lapskausen kjem fram i lyset: Dei mindre attraktive delane av dyret – delane som må kokast i timevis, men som til gjengjeld får ein smaksrikdom biff og filet aldri kan få – hiv vi i lapskausen, som ikkje er så norsk som vi trur; både namnet og retten kjem frå Tyskland. Lapskausen set vi saman av sjenerøse mengder potet, gulrot, kålrot og andre rotfrukter som helst skal koke lenge, og ei eller anna form for kjøt. Så er det berre å koke, koke og nyte.

Fråvær i ferdigrettar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement