Lapskaus

Erna Solberg bør sjå til Sogn.

Ikkje politisk, men lokal, skal lapskausen vere.
Ikkje politisk, men lokal, skal lapskausen vere.
Publisert

Noreg er eit matproduserande land. Ikkje heilt sjølvforsynt. Grovt rekna – inkludert fisk, men ekskludert importerte fôrråvarer til husdyr og fisk – har vi sjølve produsert nær halvparten av kaloriane vi får i oss.

Nokre kjem altså frå havet – frå fiskeri og havbruk. Nokre kjem frå land – frå jordbruk, hausting og jakt. Matproduksjonen vår bidreg altså til å halde oss mette, sunne og friske, men har han noko å seie for landet utover det? Har matproduksjonen noko å bidra med for næringsnasjonen Noreg i framtida?

Ifylgje Erna Solberg har enkelte deler av han meir å kome med enn andre. På Arendalsuka presenterte statsministeren dei tre viktigaste næringane for eit distriktsarbeidsliv som er mindre avhengig av oljenæringa: Nummer éin er havbruk. Nummer to er skog. Nummer tre er maritime næringar.

Jordbruket, som med sine over 40.000 driftseiningar og 1500 foredlingsverksemder truleg er Noregs mest desentraliserte næring, er ikkje nemnt. Kvifor ikkje?

Er det fordi det allereie ruslar og går i godt trav, og potensialet allereie er teke ut? Knappast. I 1970 var det 170 meieri i Noreg. No er det 31 att – og 60 slaktarlinjer, mot 152 i 1992. Og framleis vil Nortura legge ned anlegget på Otta. Næringa vert sentralisert og effektivisert, ikkje prioritert.

Rein lapskaus

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement