Frå matfatet

Landbruksteljing

Nedgang i landbruket er inga overrasking, men like fullt eit problem.

Ein, to, tre... Norsk matproduksjon treng stadig færre hender, men kor få er for lite?
Ein, to, tre... Norsk matproduksjon treng stadig færre hender, men kor få er for lite?
Publisert

Norsk jordbruk har prega notisavdelingane i norske aviser siste veka. At Statistisk sentralbyrå (SSB) har presentert ei ny landbruksteljing – kvart tiande år kjem SSB med slike komplette tal over forhold i jordbruksnæringa – og at ho syner at talet på årsverk i næringa er redusert med over 40 prosent dei siste 20 åra, frå 88.300 i 1999 til 49.800 i 2020, er altså akkurat så interessant at det får plass i ein notis basert på ei NTB-melding, kanskje ved sida av ein notis om ein siger eller eit tap i skisporet.

Eg synest teljinga fortener meir plass. Difor gjev eg ho det.

Opptrappingsvedtak

SSB har telt landbruksnæringa på meir eller mindre same måte sidan byrjinga på 1900-talet. Og i 2020 synte ho mellom anna at tre av fire gardsbruk er lagde ned dei siste 50 åra. 75 prosent av gardane vi hadde i 1970, er vekke no. Så å seie ingen nye kjem til. Kva har skjedd?

Ein kan seie det byrja med opptrappingsvedtaket midt i 1970-åra. I etterkant av skattestreiken som fekk namnet Hitra-aksjonen, vedtok Stortinget ein auke i midlane til norsk matproduksjon og samstundes ei rekke mål: eit flott produksjonsmål om at Noreg burde vere sjølvforsynt med kjøt, mjølk, egg, poteter og lagringssterke grønsaker, eit busetnadsmål og eit inntektsmål om å ta jordbruksløna opp til industriarbeidarnivå. Ja, dei var til og med tidleg ute med eit miljø- og ressursmål – og så toppa dei det heile med eit effektivitetsmål som frykteleg effektivt slo alle dei andre målsetjingane i hel, fordi det vart vanskeleg å tenke full busetnad samtidig som ein effektiviserte vekk småbruk etter småbruk, og vanskeleg å auke prisane på ei vare som lèt seg produsere med stadig færre arbeidstimar per liter eller kilo.

Eller vi kan gå endå lenger attende og seie det byrja etter krigen, då ein i valet mellom å bygge opp att Noreg som ein jordbruks- eller industrinasjon valde industrien og putta bønder inn i fabrikkane. Særleg skulle dei kvitte seg med stølsdrifta, og dei klarte det nesten: I dag er berre om lag 1 prosent av stølane og setrene vi hadde etter krigen, i drift.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement