Lammekjøt

Er norsk sau tilpassa norske forhold når vekta han får på fjellet, ikkje er god nok?

Om lammet kjem heim frå fjellbeite som dette og er for lite for slakteriet, er det då måleeininga eller lammet det er noko gale med?
Om lammet kjem heim frå fjellbeite som dette og er for lite for slakteriet, er det då måleeininga eller lammet det er noko gale med?
Publisert

Det er den tida på året igjen: Lam skal ned frå fjellet, verte fårikål og fenadlår, og nokre skal henge til tørk til nærare jul og verte pinnekjøt.

Men kva tid skal lamma kome heim – og ikkje minst kva skal dei gjere etterpå? Sjå, det er ein heil diskusjon. Ein diskusjon det – særleg i eit tørkeår som dette – er verdt å stille eitt og anna spørsmål ved.

Lam er beitekjøtet fram for noko i Noreg. «Det norske lammekjøttet er i særklasse. Dyrene beiter saftig grønt gress og ville vekster, og får en ekstra god smak», skriv til dømes Meny. «Sauehold har århundrelange tradisjoner i Norge, og dyra er som skapt for våre forhold», skriv Nortura-merkevara Gilde.

Men er dei no eigentleg det? Og korleis ser Nortura – bøndene sitt eige samvirke og Noregs største næringsmiddelverksemd – på «krisesommaren», som for sauebøndene sin del òg fell saman med ein langvarig overproduksjon med tilhøyrande prisfall? Kanskje er nokre lam litt mindre når dei kjem heim frå fjellet i år, sidan tørrare beite sjølv der har gjeve noko dårlegare tilvekst.

Kraftfôrbruk

Jau, Nortura tilrår sauebøndene å fôre opp lamma på kraftfôr etter fjellbeitet: «Det vil alltid lønne seg å fôre lamma til dei oppnår kvalitetstilskotet (O+ eller betre) og Stjernelam-kvalitet (minimum 1,51 kg slaktevekt ca. 40 kg levandevekt, O+ eller betre, feittgruppe 1+ – 3).»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement