Kvitlauk

All kvitlauk kjem frå Kina. Heldigvis kan grøn lauk smake like kvitt.

Du plukkar eit årsforbruk ramslauk på nokre minutt, men litt jobb står att når du kjem heim.
Du plukkar eit årsforbruk ramslauk på nokre minutt, men litt jobb står att når du kjem heim.
Publisert

Norskprodusert lauk kjem i mange fargar – i alle fall raud, gul og grøn. Han kan vere stor og rund, liten og spiss eller lang og tynn med hol i midten. Berre ikkje kvit og delt opp i fedd: Norskprodusert kvitlauk er nærast ikkje å få tak i.

Kvifor produserer vi ikkje kvitlauk i Noreg? Fordi vi ikkje har tollvern på kvitlauk. Kvifor har vi ikkje tollvern på kvitlauk? Fordi vi ikkje produserer kvitlauk. Nett så idiotisk er faktisk verda nett i dette høvet. Difor avslørte tollarar i 2010 ein liga som smugla kvitlauk frå Noreg til EU. For EU produserer kvitlauk, og difor har dei toll på import.

Det landet som produserer mest kvitlauk, er Kina. Og då tenkjer eg ikkje på det som kan verte omtala som kinesisk kvitlauk, nemleg kvitlauk utan fedd. I praksis kjem all kvitlauk frå Kina. Kina står for 70–80 prosent av den globale produksjonen, og er såleis einerådande på verdsmarknaden. Finanspressa elskar å bruke overskrifter som «Dersom Kina hostar, vert verda forkjøla». Men er det noko gale med det, då?

Kor mykje er gale?

Om ein lener seg mot internettet, er det lett å få inntrykk av at det er mykje som er gale. Nyheitene om at kvitlauk frå Kina er full av forbodne plantevernmiddel, at han vert dyrka direkte i ureinsa menneskjegjødsel og at han i etterkant er bleika kvit, vert kasta mot meg. Det fyrste som slår meg er at om det vert brukt så mykje klor som artiklane påstår, trur eg det spelar mindre rolle kva dyrkingsmiddel laukane ein gong har stått i. Det andre er at å få næringsstoffa frå menneskegjødsla attende i krinslaupet må vere ein god ting.

At kinesisk kvitlauk er bleika kvit med klor, er ein gamal myte som er vanskeleg å få stadfesta, men òg vanskeleg å få avkrefta, noko som ikkje er uvanleg i dette uoversiktlege landet. Organisasjonen for australske kvitlauksprodusentar hevdar at kinesisk kvitlauk er handsama med gammastråling for å hindre spiring, men dei er knappast heilt ugilde. Det vert òg hevda kinesarar brukar plantevernmiddel som er forbodne i resten av verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement